Beiteretten er under press frå mange hald. I innlegget sitt i GD tar Morten Kraabøl opp den vanskelege problemstillinga menneske vs. natur.

For meg handlar ikkje dette om å halde talet på rovdyr på eit minimumsnivå for å «ta vare på» bønder. Spørsmålet er korleis skaffe nok mat til 5,5 millionar nordmenn utan å minske moglegheitene for komande generasjonar til å gjera det same. Og med lågast mogleg belastning på natur og økosystem innanlands og elles i verda.

«Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv» skreiv Arnulf Øverland. Norge importerer ca. 60 % av energibehovet til folk og husdyr. Dette, samt nordmenn sitt overforbruk av alt som kan kjøpast, gjer at vi har eit rekordstort fotavtrykk på kloden målt etter kor mange vi er. Vi kjøper soya frå eit areal på ca. 2,1 millionar daa berre frå Brasil. Her stod det før regnskog med unikt artsmangfald. Jaguaren og eit uvisst talet på andre artar i Sør – Amerika er sterkt truga. Desse har også ein verdi, men ingen forvaltingsplan. Desse areala får berre tilført kunstgjødsel og sprøytemiddel og vil bli utarma over tid. Mange av dei som bur og arbeider der har store helseplager som følge av sprøytemidla dei blir utsette for.

Og vi kjøper ikkje berre soya. Kvart år kjøper og kastar vi visstnok 20 kg klede. Å produsere bomull til det vi kastar krev også store landareal utanlands. Pluss alt anna vi importerer av jordbruksprodukt med tvilsam historie med tanke på forbruk av areal, sprøytemiddel og arbeidskraft.

NBS meiner at å erstatte mest mogleg av dette med aktiv bruk av norske utmarksressursar er å ta ansvar for berekraft og naturvenleg matproduksjon, samt solidaritet med folk og natur i andre land. Vi kan ikkje basere oss på at vi i framtida kan kjøpe ein stor del av maten vi treng frå land med langt større utfordringar enn det vi sjølve har.

NBS har ingen offensiv mot rovdyra. Vi ber om at bestanden skal forvaltast i tråd med rovviltforliket. Alle forlik er eit resultat av kompromiss, men forliket må respekterast og forvaltninga må bidra med tilstrekkelege ressursar for å oppfylle det. Enkelte jervar lar i stor grad sauen gå i fred, andre er massemordarar. Vi ønskjer at det blir gjort ein innsats på målretta felling av desse. Vi ønskjer samarbeid med SNO slik at uttaket skjer med minst mogleg ressursbruk og best mogleg resultat for alle partar.

Talet på aktive sauebrukarar er på eit kritisk minimum. Viss vi skal auke sjølvforsyninga må vi ha aktive og levedyktige fagmiljø i alle produksjonar som nyttar utmarka. Da må det vera vilje i samfunnet til å gje dei som produserer denne maten levedyktige rammevilkår. Å byggje opp att denne verdikjeda tar lang tid viss vi ein dag står der og ikkje får kjøpt det vi treng. Matproduksjon som samfunnsberedskap må få større fokus.

Det er sum areal og ressursar vi menneske legg beslag på som er problemet, for både rovdyra og mange andre dyr som ikkje får same spalteplass. NBS arbeider for å bevare utmark og matjord, slik at det norske måltidet i minst mogleg grad skal belaste natur og økosystem både her og i andre land. Å auke bruken utmarksbeite er berekraftig og naturvenleg både i lokalt og globalt perspektiv.

Hallvard Helland, leiar Oppland Bonde – og Småbrukarlag