Gå til sidens hovedinnhold

Media og klikk - politikar og klovn

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Kven er det eigentleg som styrer media? I tidlegare tider hadde vi politiske aviser, så har media frigjort seg meir og meir frå politiske parti og skal vere ein arena for offentleg debatt og stille kritiske spørsmål til dei som har makt. Nå i dag ser det ut til at media blir styrt av «klikk» og ikkje nødvendigvis av innhald.

Men kvar blir det av kritiske spørsmål til dei som får spalteplass og synsar om både det eine og det andre? Kva er det som styrer kven som får plass på nettsider, i artiklar og i det heile tatt får spalteplass?

For to veker sidan hadde eg ein lang prat med ein journalist i ei regionalavis. Tema var jordbrukspolitikk. Da vi avslutta samtala sa journalisten at han nok ikkje kom til å skrive noko om temaet, fordi det gav ikkje nok «klikk». Saker med politikarar gjev generelt ikkje mykje «klikk» og derfor blir det prioritert ned, sa han. Det er ikkje enkelt å komme gjennom i media med informasjon om politiske saker, så lenge det ikkje ligg ei konflikt og lurar.

Derimot får finne, feminist og forfattar Sanna Sarromaa stadig vekk spalteplass både i VG og GD. Mange likar hennar friske meiningar og sleivspark. Sist veke gjekk ho langt over streken, etter mitt syn. Kvar blir dei kritiske spørsmåla av når ein debattant skriv «Tusen innbyggere legger ikke opp til et voldsomt språklig eller intellektuelt mangfold»? Det som ser ut som eit debattinnlegg om uforståelege norske dialektar, blir til eit innlegg som er stigmatiserande og lite tiltalande og plasserer alle som pratar dialekt i båsen for lite intellekt og innavl.

Dette gjev sjølvsagt debattanten det ho gjerne vil ha, merksemd. Men, det gjev også media det dei gjerne vil ha, «klikk». Denne utviklinga vil føre til meir personfokus, meir spissa bodskap og enkeltsaker meir enn samanhengar som påverkar samfunnet vi lever i. Er vi på veg mot amerikanske Trump-tilstandar?

Media har endra seg mykje med internett. Media si nye rolle påverkar det politiske liv og informasjonsflyten i samfunnet. Enkeltsaker, personspørsmål og ufine, kverulerande debattinnlegg frå enkeltpersonar blir viktigare enn kjedeleg og konfliktlaus informasjon om politiske saker.

Vær varsam-plakaten seier om pressa si samfunnsrolle at ytringsfriheit, informasjonsfriheit og trykkefriheit er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonar i demokratiske samfunn. Pressa skal ivareta viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa har eit spesielt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk.

Dette blir i stor grad fylgt, men likevel er eg redd at «klikk» styrer meir innhald enn både pressa og vi eigentleg har godt av. Både for korleis vi som politikarar, samfunnsdebatantar og andre gjer for å nå gjennom i virvaret av utspel. Konsekvensen blir fort at politikken blir vridd mot dagsaktuelle saker og utspel meir enn det langsiktige og prinsipielle.

Både politikarar og debattantar har eit ansvar for korleis vi påverkar folk sin dagsorden, haldningar, politiske beslutningar og prosessar. Eg fekk beskjed om å vere litt meir klovn, slik som Sarromaa, av ein erfaren journalist nokre år sidan. Dersom eg verkeleg må bli ein klovn for å nå gjennom, får det heller vere.

Aud Hove, Skjåk, fylkesvaraordførar (Sp) i Innlandet

Les også

Ballen, ikke kvinnen!