Det kjem stadig oppslag i media om dårleg veg rundt om i vårt langstrekte land. Når ein køyrer rundt ser ein den dårlege tilstanden på mykje av vegnettet vårt. Fylkesvegane våre er i dårlegast stand, og statistikk frå Trygg Trafikk viser at sjansen for trafikkulykker er desidert størst på desse vegane. Berre i Innlandet fylkeskommune er etterslepet ca. 5 milliardar til vedlikehald på fylkesveg. Vi har ca. 7000 km med fylkesveg i Innlandet, legg vi til all gang- og sykkelveg og 1200 større og mindre bruer på toppen, ser vi omfanget. Mange kilometer av desse vegane er også viktige omkøyringsvegar for riksvegnettet. Med dette er Innlandet fylkeskommune den største vegeigar i landet.

Legg vi dette til grunn, er det naturleg å tru at Innlandet skulle få den største biten av kaka når staten fordelar midlar til fylkesveg. Slik er det diverre ikkje. I fordeling av 400 millionar i 2021 til fylkesveg, fekk Innlandet berre 6 % av midlane. Kvifor er det slik? Jau, Regjeringa legg til grunn ein snedig modell dei kallar samfunnsnytte. Dagens regjering meiner at det er størst samfunnsnytte der det bur flest folk. Med denne modellen er det enklare å få utbetra ti hol i vegen der det bur tusen personar, mot tusen hol der det bur ti personar. Dei ti blir då ikkje samfunnsnyttige nok for dagens regjering. Når Innlandet får så lite midlar av potten til fylkesveg, er det eit tydeleg politisk signal på regjeringa si vurdering av Innlandets manglande samfunnsnytte. Om vi har mest veg å drifte, bur vi tydelegvis ikkje tett nok på kvarandre for å vera nyttige nok i prioriteringane. Senterpartiet og Arbeidarpartiet meiner alle har rett til framkomeleg veg av god og trafikksikker standard, uavhengig av kvar du bur. Fylkesvegane er også viktige næringsvegar for å få råstoff og varer fram.

Regjeringa sin strategi for utvikling kan vi kanskje kalle maurtuvestrategien. Sentralt i maurtuva blir det lagt ned mykje ressursar. Forlèt du tuva må du sjølv ta konsekvensane, og staten må då sleppe slikt ansvar meiner dagens regjering. Ute av syne-ute av minne. Senterpartiet og Arbeidarpartiet vil ha ei meir rettferdig fordeling, der meter veg og vegens tilstand er det styrande i fordeling av midlar til fylkesveg. Det er då vi kan bygge opp Innlandet. Med så stort etterslep og manglande statleg prioritering, er det ein administrativ og politisk spissrotgang når fylkesvegvedlikehald skal prioriterast. Å bygge ny veg med så stort vedlikehaldsetterslep er meir ein tanke enn ein realitet. Innlandet fylkeskommune er heilt avhengig av rammeoverføringar og tilskot frå staten for å drifte fylkesvegnettet. Vi krev statleg prioritering for bokstaveleg å kunne lage veg i vellinga- ikkje berre velling i vegen!

Haldor Ødegård (Sp) og Sjur Strand (Ap), nestleiar og leiar i Hovudutval for samferdsel, Innlandet fylkeskommune