Omsorg på boks

Faksimile fra GD 4. desember. Lillehammer og Øyer kommune skal teste ut ny teknologi i eldreomsorgen.

Faksimile fra GD 4. desember. Lillehammer og Øyer kommune skal teste ut ny teknologi i eldreomsorgen.

Artikkelen er over 4 år gammel

Maskiner kan aldri erstatte menneske, skriv Randi M. Rosenborg

DEL

I GD 4. desember las eg at Lillehammer og Øyer skal teste elektronisk eldreomsorg utvikla av Eidsiva Vekst.

Velferdsteknologi er namnet på maskinene som skal gjera kommunalt omsorgsarbeid meir effektivt. Ordførarane i Lillehammer og Øyer er fulle av begeistring.

Eg veit ikkje om eg tek «bølgen» for dette. Det handlar om omorganisering og innsparing. Omsorgsarbeid er dyrt, det veit vi. Eg kan kanskje godta den snakkande pilleboksen eller multidosedispenseren. Men å kalla det omsorg? Maskiner kan aldri erstatte menneske.

Så skal vi også kunne bli overvaka om natta. Eit overvakingskamera er inkludert i teknologipakka. Prosjektdirektøren kallar det «digitalt nattsyn». Kall det kva du vil. Det er overvaking. Innafor lova, javel. Men kva med etikken?

Så kjem det eg nesten ikkje kan tru er sant. Demenspasientar skal få eit smykke som fungerer som ein automatisk elektronisk nøkkel.

Pasienten går enkelt inn si eiga dør, men møter stengde dører om han går feil. Demente pasientar er ofte fulle av uro og angst. Vi får tru at desse «smykkeberarane» ikkje har mange dører å velja mellom. Da blir ikkje uroa mindre. For meg er dette det motsette av omsorg. Vi må ikkje bli så tekniske og effektive at vi gløymer det viktigaste: Mennesket. Levande menneske treng menneskeleg kontakt. Lat oss derfor leva i vona om at det framleis vil vera tid til å samtale med dei eldre.

Randi Rosenborg, Vinstra

Artikkeltags