Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 formidlar kunnskap om natur, kultur og klima. Gjennom begeistringa over å sjå dei unike funna som smeltar ut av is, snø og bre i høgfjellet forsøker vi å formidle klimaendringane sitt alvor. Kunnskap og forståing for klima og natur er avgjerande for at vi skal kunne gjera dei endringar som trengst.
Den viktigaste målgruppa vår er barn og unge. Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 ynskjer at elevar i heile landet skal få moglegheit til å bidra til forsking og formidling av natur og klima i endring, og med det få kunnskap til å ta gode val for framtida.
Løyvinga frå Sparebankstiftelsen DNB skal hjelpe oss med å lage det digitale klasserommet. Vi ynskjer å ta i bruk ulike digitale verkemiddel som fotogrammetri av brearkeologiske gjenstandar, AR (augmentet reality/utvida verkelegheit) og VR (Virtual reality). Elevar skal til dømes kunne oppleve pila eller skoa frå steinalder og bronsealder i sitt klasserom, snu og vende på dei og undre seg over kvifor desse og mange andre gjenstandar smeltar ut akkurat nå. Mengda av brearkeologiske gjenstandar som smeltar ut er konkrete resultat av klimaendringar, og såleis ein god inngang til dialog kring tematikken. Vi koplar vidare på klimaparken og dei spektakulære kunstnarisk utforma romma i istunnelen, slik at elevar også får ta del i den «verda».
Forskarnettverket som er kopla til fjellsenteret og klimaparken er samansett av Norge sine fremste forskarar på klima og naturvitskap. Dei bidreg med oppdatert forsking og målingar frå høgfjellet. Forskingsresultata og data frå målingar vil bli formidla i eit digitalt klasserom. Slik vil elevar frå heile landet kunne få innsikt i og forståing for natur og klima i endring. Klima og miljø har ein sentral plass i skuleverket sine overordna lærarplanar og lærarar treng å styrke sin kompetanse på å formidle dette. Vi har også fått midlar til å lage kurs og opplegg for lærarar i klima- og naturformidling.
Vidareutvikling av den brearkeologiske utstillinga Norge si eldste sko, Norge sitt eldste klesplagg, kjekjevle, handrokk, ski, hest og ei mengd unike gjenstandar er stilt ut på Norsk fjellsenter. Innlandet har over 50% av dei brearkeologiske funna i heile verda, og fjellområda «ber bud om» jakt, fangst og stor ferdsel, særleg under vikingtida.
Dette fortener eit skikkeleg lyft av utstillinga på Norsk fjellsenter og vi ynskjer også å vere betre tilretteleggarar for arkeologane når dei er ute i felt. Gjennom samarbeidet med Innlandet fylkeskommune og Kulturhistorisk museum i Oslo utvidar vi samlinga til om lag 70 fantastiske funn som skal stillast ut i frå 2023. Slik blir vi museet i Norge som viser fram og formidlar flest brearkeologiske funn.
Vi har fått ein unik moglegheit til å styrke målet vårt om å vere eit fyrtårn på formidling av fjell, natur, kultur og klima.
Den svenske biologen Fredrik Sjöberg advarte for 20 år sidan mot biologisk analfabetisme. Han ser på kunnskap om artar som eit språk. Manglar språket blir samanhengane i naturen vanskeleg å forstå.
Aldri før har vi menneska påverka jordkloden så mykje som vi gjer nå, noko klimaendringar forsterkar. Vårt mål er å gje barn og unge innsikt i endringsprosessar, lære dei det «språket» i tillegg til å skape forståing for den situasjonen vi er i, utan å miste håp.
Mai Bakken, dagleg leiar, Norsk Fjellsenter og Klimapark 2469