Terningkast 5: God gammaldans

Foto:

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

SYVERS ORKESTER Syvers Lydmakeriet

DEL

Folkemusikken er vitalisert og blomstrar som aldri før, men sjølv om det er to sider av same sak slit gammaldansen med rekruttering og fornying og mangel på oppdrag.

Da er det ei lykke å ha Syvers orkester med fire unge ottadølar og ei ivrig felejente frå Nannestad til å inspirere og stake ut kursen for nye generasjonar.

Gruppa gjorde reint bord under sist sommars landsfestival og vann både tradisjonelt gruppespel og meir eksperimentell open klasse. Det seier sitt.

Nå er gammaldansens redningsorkester ute med si alle første plåte med gruppas og orkesterleiar Syver Olstads fornamn som omslagstittel.

Målet har vore å spela inn ein reinspikka gammaldans-CD, og bortsett frå svenske Afton på Solvik er dei 15 andre ”leikjene” lokalt slåttestoff frå Ottadalen, medrekna Ellefar i Lia som er komponert av trekkspelar Stein Magne Eggen frå Lom.

Dette er først og fremst god dansemusikk med stødig spel og ei godt skolert felejente som til og med trakterer ein lunefull B-durvals etter Pål Skogum på framifrå vis. Arrangementa er tette og gode, litt for tette etter mi meining, og innvendinga er at det blir litt masete. Fela treng ikkje liggje på topp heile tida. Det blir anspent. Eit godt råd vil vera å ta fram att gamle plater med Hilmar Alexandersen og P.A. Røstad og leggje merke til variasjonen i tonebildet.

Men for all del, Syvers er det beste som har hendt gammaldansen på lang tid, og reinlendaren etter skjåkværen Johan Partapouli er det verkeleg god snert i!

Artikkeltags