Terningkast 5: Stor blå himmel

Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

INGE GJEVRE Blåhimmeldag Lydmaker.no

DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

Som regel har dei fleste problem med å fylle ein CD slik at alt blir vellykka. Den meritterte belgdragaren, Inge Gjevre, har samla 56 slåttar og runddansar i to CD-ar, utan at eg kan finne særleg store daudpunkt.

51 av dei har han komponert sjølv, fire i lag med Leif Inge Schjølberg og ein med Bjarne Odde. Den eine plata inneheld slåttespel, for det meste solo toradar, med ikkje reint få springleikkuler, men også lyrisk samspel med gjesteartistar. Den andre CD-en byr på runddans med Jutullaget, Vågåmålgjengen og landsfestivalvinnar Avbrekk.

Eit stort repertoar med litt av kvart for nokon kvar, som det luktar Spellemannspris av lang veg.

Artikkeltags