Gå til sidens hovedinnhold

Nå er Oliver (22) klar for Lillehammer igjen: – Vil bidra veldig bra for oss

Sist han var i klubben imponerte han både fans og lagkameratar. Nå er Oliver Dackell klar for to nye år i Lillehammer.

Svensken, som fyller 23 år neste veke, vart henta inn som naudløysing på lån da Christoffer Bengtsberg vart skadd i 2019/2020-sesongen. Etter ein blytung start, med seks baklengs mot Sparta i den første kampen, stengde han buret og leverte fleire knallkampar for Lillehammer.

Erfaringa gav tydelegvis meirsmak både for spelar og klubb, og allereie i april var det meste klart mellom L.I.K. og spelaren. Nå er alt av papirarbeid i orden, og nå har han skreve under ein permanent toårskontrakt.

– Vi ønska å gjere ei forandring på keepersida, og har hatt kontakt med han i lengre tid. Han ønska meir speletid, og da passa det bra å kome hit, seier dagleg leiar i Lillehammer Ishockeyklubb Atle Svensrud.

Dackell har dei siste par åra vore MoDo i Allsvenskan sin eigedom, men har begge sesongane vorte lånt ut til Örnsköldsvik i HockeyEttan. Sist han var i Lillehammer hadde han ein redningsprosent på respektable 93,8.

– Han gjorde det godt i den perioden han var her i fjor. Han er ein treningsviljug, relativt ung gut, som vi trur vil bidra veldig bra for oss, seier Svensrud.

Han legg ikkje skjul på at klubben følte behov for å gjere grep på keepersida etter den noko amputerte sesongen dei har lagt bak seg.

– Det var ein kronglete sesong. Det var eit nytt keeperteam, og for Joona vart det eit stort press. I starten hadde han utstyr som ikkje passa, og da fekk han ein dårleg start og det gjekk ut over sjølvtilliten.

Tidlegare i sommar vart det klart at Joona Partanen forlèt klubben, og dermed blir det Trym Gran og Oliver Dackell som blir klubbens keeperteam denne sesongen. Partanen har skrive under for sin tidlegare klubb Narvik.

Les også

Avtale klar med stjernespelar – men pengane manglar

Les også

I ekstase: – Det er uvirkelig, egentlig

Les også

Solid overskudd: – Vitner om at vi har snudd og rettet opp den store tabben for to år siden

Les også

Den nye hovedtreneren: – Nå blir jeg Lillehammer-gutt

Les også

Derfor re-signerer de backen etter å ha gitt han tommel ned etter sesongen