I vinter kan du sjå Norgescupen i langrenn direkte her på gd.no, der lokale løparar konkurrerer med fleire av dei beste utøvarane i Noreg.

– I alle år har vi skreve om skirenn og lokale utøvarar som deltek i dei. At vi nå heller kan vise langrenn og andre sportsarrangement i nettavisa vår, direkte når det skjer, er rett og slett artig, seier ansvarleg redaktør i GD, Tom Martin Hartviksen.

Glansbilete frå Gålå

Det heile startar allereie på Gålå til helga, og forutan dei som er utteke til å gå verdscup i Ruka, stiller det aller meste av stygg-gode norske skiløparar, og råsterke namn som Julie Myhre, Harald Østberg Amundsen, Sjur Røthe og Didrik Tønseth er blant dei som er påmeldt. Det heile startar med sprint fredag, 10 km fristil for kvinner og menn laurdag, før helga på Gålå blir avslutta med fellesstartar for begge kjønn sundag.

Med nysnøen som har dala ned over dalen dei siste dagane blir det garantert vakre bilete frå langrennsløypene vel 900 meter over havet i Sør-Fron.

– At Norgecupen startar på Gålå, i vårt område, gjer det ekstra stas å vere med på ei slik satsing. I tillegg til å vise idretten i seg sjølv, er det ei hyggeleg bieffekt at vi kan vere med og syne fram det flotte området til lokal- og regionavisabonnentar i heile landet, seier GD-redaktør Hartviksen.

Seinare i vinter kan du også sjå Norgescuprenn frå Nannestad og Brumunddal, junior-NM frå Alta og Hovudlandsrennet for ungdom frå Meråker. I alle desse renna stiller fleire hundre deltakarar til start, og ein god del av desse kjem frå vårt område.

GD får vise renna på grunn av avtala vår samarbeidspartnar Amedia har inngått med Noregs skiforbund om senderettane denne sesongen. Alle med GD-abonnement kan sjå renna på gd.no/direktesport.

Noregscupen er, saman med NM, det høgste nivået for nasjonale langrennskonkurransar i Noreg. Dei er godkjent som FIS-renn, som inneber at det i tillegg til dei norske løparane, som regel kjem utøvarar på høgt nivå frå andre nasjonar. For kvar av dei tre rennhelgene i Norgescupen stiller opp mot 350 løparar til start. I junior-NM reknar arrangørane med 800 deltakarar, om lag det same stiller på Hovudlandsrennet.

Skirenn du kan sjå på Direktesport i vinter

Dette er arrangementa som inngår i avtala mellom Amedia og Skiforbundet:

Equinor Norgescup Gålå, kvinner og menn, 25.-27. november 2022

Equinor Norgescup Nannestad, kvinner og menn, 17.-19. februar 2023

Equinor Norgescup Brumunddal, kvinner og menn, 10.-12. mars 2023

NM Junior Alta, kvinner og menn, 3.–5. mars 2023

Hovedlandsrenn Meråker, gutter og jenter, 24.-26. februar 2023

– Inspirasjon

– Langrenn er Noregs viktigaste vinteridrett, målt i publikumsinteresse. Noregscuprennene samlar både nokre av landets beste utøvarar og ei stor breidde av løparar frå heile landet. For oss, som er den største utgjevaren av redaktørstyrte medium, med over hundre titlar frå nord til sør, inneber avtala at vi kan tilby godt og spennande innhald som eg reknar med det er stor interesse for, seier direktør for sportsutvikling i Amedia, Helge Birkelund.

– Det er veldig bra for ski-Noreg at vi får vist desse renna direkte gjennom Amedias distribusjonsnettverk over heile landet. I noregscupen, junior-NM og i Hovudlandsrennet får vi vist fram våre aller beste skiløparar, breidda i ski-Noreg og ikkje minst at vi ser morgondagens heltar. Arrangementa samlar også heile ski-Noreg på sitt beste, og vi kjem til å sjå mange landslagsløparar på startstreken fleire av desse renna. Lokalavisene i Norge er utruleg viktige for oss, og vi ser veldig fram til dette spennande nye samarbeidet med Amedia, seier langrennssjef i Noregs Skiforbund, Espen Bjervig.

GD-redaktør Hartviksen er sjølv kjent som ein ivrig hobbymosjonist, likevel foreløpig utan dei heilt store resultata i nasjonal eller internasjonal målestokk. Han trur likevel det er mogleg å la seg inspirere til å ta nye steg ved å følgje langrennssendingane på gd.no.

– Det blir høgt nivå på det sjåarane får sjå hjå GD frå Gålå, og vidare utover i sesongen, og det får vi mosjonistar bruke som inspirasjon når vi sjølve stabbar oss fram i langrennsløypene.