Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det kan seiast mykje bra om den såkalla nærpolitireforma. Operasjonssentralane er styrka for svare til alle døgnets tider og serve patruljane ute, og drifte større aksjonar som til dømes leite- og redningsaksjonar og skarpe oppdrag. Vidare har det vore et løft innan feltet etterforsking noko som styrkar rettssikkerheita og skal sikre likebehandling av straffesaker. Men beredskapen er svekka. Trass i auka budsjett og stillingsheimlar, så har dette berre ført til 2 auka årsverk i den operative tenesta på landsbasis. Det er distrikta som nok ein gong er skadelidande.
Ottadalen som eksempel: Her var det tidlegare tre velfungerande lensmannskontor med til saman 14 tilsette. Blant dei tre lensmenn, tre sivilt tilsette og åtte operative som alle var med på vaktberedskap. Desse var busette i Ottadalskommunane. I dag er det kontor i Lom med fem operative tenestepersonar og ein sivilt tilsett. Dei fleste av stillingane er flytta til Otta der «hovudkontoret» for Nord-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt nå er lokalisert.
Førebygging og beredskap vert dårlegare, i Lom er det opningstid nokre timar tre dagar i veka, om ikkje dei operative politimannskapa er ute på oppdrag eller ikkje er på jobb grunna turnusfri. Tidlegare var Ottadalen eigen vaktregion med tilsette som budde og arbeidde i Ottadalen. Dette gav ein tilfredsstillande beredskap. I dag er vaktregionen utvida til å omfatte Ottadalen, Nord-Gudbrandsdal med Sel, Lesja og Dovre og Midt-Gudbrandsdal med Fronskommunane og Ringebu. Den nye vaktregionen har ført til lange utrykkingar og lang responstid.
Før var det arrest både på Otta og Dombås. I dag må arrestantar køyrast til arresten på Hamar, med den tids- og ressursbruken det inneber. Samarbeidande etatar må i langt større grad enn tidlegare vente på politiet ved til dømes trafikkulykker, brannar, psykiatribistand og andre hendingar. Grunnen til dette er at vakthavande politi svært ofte er busett langt unna Ottadalen.
Vi fryktar at utrykkingsterskelen blir høgare i distrikta kontra byar og tettstader, nettopp grunna at det ofte er lang utrykkingsveg frå dei som har beredskap til der hendinga skjer. Vi ser at det på mange område er fornuftig med eit kontor i Ottadalen for tida plassert i Lom. Men det fordrar at bemanninga der vert betydeleg styrka til eit nivå som tek i vare vakt- og beredskap for Ottadalskommunane sjølve. Dette vil føre til auka tryggleik for befolkninga og samarbeidande etatar som brann og helse.
Døme frå Skjåk: Brann i bygning Nordberg, Skjåk, januar 2021: Det vart opplyst at det er var fleire gassflasker i bygningen. Evakuering var nødvendig. Brannvesenet reiste ut. Kl. 01.14. Politi rykte ut frå Dombås, var framme ca. kl. 03.00.
Rv 15; to separate bilulykker på same strekke denne dagen, lettare personskadar. Fyrste beskjed frå politi er at dei har mannskap på reserveteneste, desse var ikkje varsla, ventar til brannmannskap har kome fram. Politi ber om tilbakemelding ved mistanke om lovbrot, og brann melder tilbake at dei ikkje har føresetnad for å vurdere dette. Brannvesenet returnerte til stasjonen. Det blir meldt om ny ulykke vest for den tidlegare ulykka, med to bilar involvert. Politi på veg for å sjekke den fyrste ulykka (framleis over 6 mil unna). Vaktleiar brann blir skadestadsleiar på nytt. Politi kom etter lang køyretur og overtok skadestaden. Det er fleire eksemplar der det går ca. ein time før politiet kjem når det ikkje er lokal vakt i Ottadalen.
Politireforma overførte utgifter og ansvar over på kommunane. Kva med rettstryggleiken til våre medborgarar?
Svein Arne Bøje, leiar, styret i Skjåk Sp