GD sin leiar i avisa 12.8. tek for seg Ap sin «rygging» ut av politireforma og syns det er politisk spennande. Det er SV veldig einige i og vi er glade for at vi stemte imot i fyrste omgang!

Honnør til AP for å trekke seg ut av denne reforma. Ein reform som for det fyrste utarmar politiet i distrikta, tappar dei for kompetanse og tek bort politiet sin moglegheit for å gjere ein god jobb. Distriktskontora er bygd ned, det er stuttare kontortid og det er færre til stade. Det gjer innbyggarane framande for kva politiet kan bidra med av ressursar, ved hendingar er det som oftast politiet som kjem sist på plassen, det er nesten umogleg å halde forventa responstid. Ein av politiet sine viktigaste oppgåver er å drive førebyggande arbeid, ute i distrikta var dei kjent for å representere tryggleik og varme i krevjande situasjonar. Nærpolitireforma har teke denne moglegheita bort frå politiet. Dei er færre, dei må bruke tida si på heilt andre oppgåver og dei blir ikkje rekna med i bygdesamfunna slik dei vart tidlegare. I tillegg har dei brukt dei siste åra på å vente på avklaring kring stillingar, plassering, flytting av ressursar osb. I neste omgang blir det ikkje interessant å søkje seg til jobbane ute i distrikta, med det mister distrikta verdifull kompetanse.

Når skal sittande regjering ta innover seg at det bur folk over heile landet og at det er viktig for framtida vår at vi har busetting over det heile? Det er det som har gjort Norge så spesielt og så ulikt mange andre land, vi bur ved fjordar, i skogen, langs kysten og ved fjellet. Slik vil vi ha det i fortsettinga og. Det gjer mykje med livskvaliteten vår å stadig skulle forhalde seg til dei etter kvart mange reformene der sittande regjering syner til kvalitet, modernisering, effektivisering og forbetring. Det blir meir og meir tydeleg at dette ikkje er meint for oss som bur rundt omkring i Distrikts-Noreg. SV stemte imot nærpolitireforma og vi er glade for at AP nå kjem etter, vi ynskjer andre også velkomne til å gjere det same.