Nedlegging av Dovre skule. Eit hastevedtak?

Nedlegging av Dovre skole, eit hastverksvedtak?

Nedlegging av Dovre skole, eit hastverksvedtak? Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

Så har det skjedd det eg og mange med meg har frykta. Dovre skule er vedteke nedlagd frå hausten 2021, og alle elevane skal da skyssast til Dombås. Det var 10 mot 7 i kommunestyret for nedlegging. To stemmer til mot, og skulen ville vore redda, enn så lenge. Men kvifor slik hastverk?

Dovre skule med om lag 60 elevar, er dessutan ikkje nokon spesielt liten skule i nedleggingssamanheng.

Neste år er det stortingsval, og da kan det bli raud-grønt fleirtal. I så fall er det sagt frå raud-grøn side at m.a. overføringane til kommunane skal bli vesentleg større. Da kan Dovre skule vere redda.

I mellomtida kan vi bruke eigedomsskatten, som vart innført for å redde Dovre skule, til å drifte skulen. Dersom Dovre skule blir lagd ned, så må vel eigedomsskatten fjernast og? I alle fall så må verditakst på eigedommar på Dovre og Dovreskogen setjast vesentleg ned.

I fjor var det kommuneval. Senterpartiet hadde til dels stor framgang i mange kommunar i landet, men ikkje i Dovre. Her vart kommunestyregruppa til SP halvert, frå 10 til 5 representantar. Har Dovre SP vurdert kva som kan vere grunnen til det? Fleire enn eg som lurer på det.

Med håp om raud-grønt fleirtal neste år, så lyfter nå SP- leiar Trygve Slagsvold Vedum fana høgt for tida. M.a. Politreformen, kommune- og fylkessamanslutningar skal reverserast. Og vi høyrer ofte at Trygve seier følgjande: Heile landet (og heile kommunane??) skal takst i bruk, og grunnleggjande tenester skal liggje der folk bur. Akkurat!

Som tidlegare lektor ved Dovre ungdomsskule, Hjerleid vgs. og Otta vgs. har eg og vore med lenge på strukturdebatten i vidaregåande skule i Nord-Gudbrandsdalen. Eg vart tilsett i Dovre kommune i 1972 da gymnasklassene vart oppretta på Dombås, Otta og Lom, som filialklassar under reformgymnaset på Vinstra. Det var store elevkull, ekstra løyvingar, og det gjekk «bra« i mange år.

Så kom problema. Da vedtok fylkestinget i 2000 å danne NGVS (Nord Gudbrandsdal vidaregåande skule), ein fin liten «staurhaug». I staden for å prøve å samle «ulvane», kasta politikarane ut «kjøtet» til «ulvane» slik at dei kunne kjempe seg imellom. På same tid vart allmennfag (nå studiespesialisering) flytta frå Dombås til Hjerleid. Dombæsingane gjekk mann av huse i fakkeltog mot denne flyttinga. Men kvar var fakkelberarane da det eine yrkesfaget etter det andre vart plukka bort frå Hjerleid?

Allmennfag skulle på død og liv behaldast. Fylket rusta opp Hjerleid for mange millionar, og det var plass til både yrkesfag og allmennfag. Likevel vart yrkesfaga lagt ned etter tur. Og kommunen har brukt mange millionar på ungdomsskulen på Dombås for å flytte allmennfag attende dit.

Eit anna tenkt alternativ. Kva med å flytte studiespesialisering til Otta og opprette 1–10 på ungdomsskulen? Da kan døkk leggje ned to barneskular. Lærarane på vgs. kan pendle til Otta (som nokon gjer allereie) Eg har pendla til Otta i 24 år, delvis i samkøyring med ein kollega frå Dombås, og det gjekk bra. Har nokon prøvd seg på det reknestykket?

Etter mi meining skulle daverande allmennfag vore samla på Otta. Og så skulle dovringane kjempa med nebb og klør for å halde på yrkesfaga på Hjerleid. Da ville kanskje fleire ha kome attende til bygda etter enda utdanning. Yrkesfaga vart «ofra» for å halde på allmennfag.

Til slutt har eg eit par spørsmål til politikarane i Dovre. Kva kosta det ekstra å ruste opp ungdomsskulen for å huse vidaregåande skule? Og kva har t.d. Kvalsvikprosjektet kosta kommunen så langt? Trass gode argument, blir dei fleste avgjerder til slutt berre eit økonomisk spørsmål.

Men ikkje alt kan reknast i kroner og øre. Kva med ei lita samfunnsanalyse før ein tek viktige avgjerder?

Lykke til vidare med skulestrukturen i Dovre!

Øyvind Byre, Dovre

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags