Gå til sidens hovedinnhold

Nedlegging av folkehøgskular

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Siste melding om at det skal leggjast ned to folkehøgskular i Innlandet, fortel oss at det skjer noko i fylkespolitikken. Grunngjevinga er at det må sparast på tilskotet til desse skulane, da det er for lite midlar.

Ja, no skulle vi hatt eit tilsyn som hadde teke opp denne saka, men kvar er dette?

Dette forslaget er også ei form for sentralisering, og nå som vi har fått ei ny regjering? Nå blir det færre skular i Innlandet til å ta imot ungdomane frå bygdene. Måten det er gått fram på, er etter det vi skjønar svært lite demokratisk.

Fylkespolitikarane må nå tenkje over minst tre ting:

Kva med dei ungdomane som ønskjer å gå på Ringebu og Toten med sine linjeval? Kor går midlane som skal sparast? Kva skal skulebygningane brukast til, og kor går salsmidlane?

Det er vondt å sjå på kor stuttenkt politikarane kan vera, når det gjeld skulane sin påverknad på unge menneske. Hugs at desse skulane bær på ei lang historie som ikkje må bli borte. Tenk alle på dei som har fått eit år på folkehøgskulen til å finne ut kva dei skal bli i framtida, og som har funne vener gjennom eit rikt skulemiljø.

Gudbrandsdalen og Toten blir fattige utan desse skulane og vi må taka vare på mangfaldet i dette skuleslaget for ettertida.

Torgunn Holm Maurseth, Gausdal