Nedslåande og bekymringsfullt kvinnefall i Ottadalen

NEDSLÅANDE: Styret i Kvinnegruppa Lom, Skjåk og Vågå reagerer på at veljarane ikkje har tillit til kvinnelege kandidatar: F.v. Eli Johanne Lundemo, Marit Sletten, Turid Grimsbø Snerle, Brit Oline Forberg, Iselin Vistekleiven, Mai Bakken og Margrethe Øvrelid

NEDSLÅANDE: Styret i Kvinnegruppa Lom, Skjåk og Vågå reagerer på at veljarane ikkje har tillit til kvinnelege kandidatar: F.v. Eli Johanne Lundemo, Marit Sletten, Turid Grimsbø Snerle, Brit Oline Forberg, Iselin Vistekleiven, Mai Bakken og Margrethe Øvrelid Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
Det gledelege var at kvinner sa ja til å stå på listene, og det var fleire yngre enn før! Kommunestyrevalet er over og vi veit nå kven som skal ta over makta i kommunane. For Ottadalen er det på nytt svært nedslåande …

- Vi ender opp med enda dårlegare kvinnerepresentasjon enn før; 12/5 i Skjåk, 11/6 i Lom og 12/5 i Vågå.

- Gjennomsnittsalderen går opp.

- Vi som veljarar viser at vi ikkje har tillit til damene.

Folketalet i Ottadalen går ned, og vi arbeider med tilflytting og bulyst. Vi lurer på kvifor vi ikkje får nokon til å busette seg her, vi leiter etter årsaker.

Frustrasjonane er mange etter at resultata vart kjent, både hos kvinner og menn.

Korleis vart det slik?

Damene var nominert på listene, dei var synlege i valkampen. Men, valresultatet taler for seg; vi (veljarane) vil ikkje ha dei! Dette synleggjer ein mistillit til kvinner som er svært utfordrande og alvorleg når vi ynskjer oss levande lokalsamfunn, bulyst og positiv befolkningsutvikling.

Eit godt lokaldemokrati er avhengig av å spegle befolkninga. Nokre lyspunkt er det og vi må sette vår lit til Norddalen; Det ser ut til at det som eit minimum blir fem av seks kvinner på toppen i dei seks kommunane her.

Brit Oline Forberg og Mai Bakken, styreleder og styremedlem i Lom og Skjåk kvinnenettverk

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags