Gå til sidens hovedinnhold

Nei til nedbygging av døgnplassar innanfor psykisk helsevern

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Nord-Aurdal SV støttar kravet frå opposisjonen på Stortinget om å stoppe nedbygginga av døgnplassar innanfor psykisk helsevern. I samband med koronapandemien ser ein ei oppblomstring av psykiske lidingar hos både barn, ungdom og vaksne. Det er såleis eit stort press på dei døgnplassane som finst, og likevel har helseføretaka vedteke å redusere talet på døgnplassar. For eksempel har Sjukehuset Innlandet vedteke å leggje ned Kringsjåtunet, som har ei spesialavdeling for ungdommar med alvorlege psykiske lidingar. Dette skjer samtidig med at vi ser ein stor auke i talet på ungdommar med alvorlege eteforstyrringar.

I Valdres har vi alt fått merke konsekvensane av denne nedbygginga, då døgnplassane ved DPS Valdres i Aurdal vart nedlagde i fjor. Etter at dei vart borte, er næraste døgntilbod på Gjøvik, det vil seie 10–15 mil unna, alt etter kvar i Valdres ein bur.

Nord-Aurdal SV støttar òg Stortinget sitt krav om at regjeringa må gå gjennom tilgjengeleg kapasitet og behov innanfor psykisk helsevern, med sikte på å auke døgnkapasiteten i tråd med behovet.

Aud Søyland, leiar i Nord-Aurdal SV