Gå til sidens hovedinnhold

Nei til ny skiløype Mysuseter – Koltjønn

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Foreininga «Nye skiløyper på Mysuseter» har søkt om å få leggje ein ny løypetrasé på strekninga Mysuseter – Koltjønn. Sel SV går sterkt imot dette. Vi meiner òg at saka er så prinsipiell at ho ikkje burde behandlast som ei dispensasjonssak, slik formannskapet i Sel har vedteke. Det ligg føre klare føringar i reguleringsplanen, og endringar bør behandlast i samband med den kommande rulleringa av planen.

Løypa på strekninga Mysuseter – Vålåsjøsetrene, som traseen er meint som ein del av, er viktig for brukarane og turistnæringa på Mysuseter. At ho er lagt på vegen, gjer skisesongen monaleg lengre og gjev gode forhold sjølv med lite snø. Ho gjev ein lettvint veg ut til fine turområde for brukarar i alle aldersgrupper. Endeleg gjev ho ingen naturinngrep ut over dei som allereie er gjort i området.

«Nye skiløyper på Mysuseter» søkjer i første omgang om å leggje løype på strekninga som er minst kontroversiell og teknisk enklast. Likevel er der snakk om følbare inngrep på natur og kulturlandskap. Ein seks meter brei trasé parallelt med Furusjøvegen vil gje eit sår i eit relativt trongt område dit folk søkjer seg for å nyte naturen. Sjølv her blir det aktuelt med pigging og sprenging av berg og masseoppfylling på enkelte myrstrekningar. Vidare er løypa tenkt lagt over setervollane ved Pungsetra, noko som vil vera eit monaleg inngrep i dette kulturlandskapet, eit av dei få som er intakt i området.

I formannskapsvedtaket om å behandle søknaden som ei dispensasjonssak ligg det at ein tenkjer seg ein tre års prøveperiode. Nettopp naturinngrepa gjer dette til ein dårleg idé. Fjellnaturen er sårbar og reparerast sakte. Når traseen først er lagt, vil det vera vanskeleg å mobilisere midlar til ei restaurering. Vi trur at denne «ukontroversielle» søknaden er eit første steg i eit spel for å få gjennom langt meir kontroversielle løypetrasear ut frå prinsippet om at «Tek du den, så tek du den.»

«Nye skiløyper på Mysuseter» har heile tida offisielt hevda at dei ikkje arbeider for vinterbrøytte vegar på Mysuseter. Kjem ein i diskusjon med talsmenn for foreininga, får ein raskt eit anna inntrykk. Taktikken – som lukkast til overmål i formannskapet – synast uansett å vera å få politikarane til å diskutere løyper utan å tenkje konsekvensar av vinterbrøyting. Spørsmålet ein bør stille seg, er korfor nokon vil leggje ned så mykje tid, arbeid og pengar for å lage alternative skiløyper om det ikkje er for å opne for vinterbrøyting i neste omgang.

Sel SV meiner at løypenettet fungerer svært godt for alle brukargrupper slik som dei er. Det dreier seg altså om hundre- og tusentals interessentar mot ein handfull hytteeigarar med eigne planar. Vi kan i nokon mon forstå dei grunneigarane som ikkje ønskjer skiløype over tunet sitt, men kan ikkje riktig skjøne korfor dei ønskjer heilårs bilveg der i staden. Heile saka om alternative skiløyper på Mysuseter bør leggjast daud, i alle fall fram til ei skikkeleg handsaming av reguleringsplanen.

Anne Brit Bismo, leiar Sel SV