Nettavgift i Midt-Gudbrandsdalen

STRØM: Ein kan ikkje berre endre på leveringsgrunnlaget over natta utan at gjeldande forbrukarar blir skikkeleg varsla, og at det blir gjort utrekningar, skriv innsendaren.

STRØM: Ein kan ikkje berre endre på leveringsgrunnlaget over natta utan at gjeldande forbrukarar blir skikkeleg varsla, og at det blir gjort utrekningar, skriv innsendaren.

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Viser til svar på nettariffar i Vevig AS i GD den 11/1. Eg får ikkje noko klarleik i kva Vevig AS er for noko anna en at det er eit AS. Det ser da ut til at den lokale styringa er over og ut!

I mi utgreiing i GD den 8/1 om mitt elanlegg med forbruk på ca. 20 000 kwh, blir det ei auke på kr 2 217,25 eller 93,2 % pr. år frå 2019 på den faste del av nettleiga. Det ser ikkje ut til at driftsstøttesjefen har registrert dette. Det slår feil ut her i forholdet til målet frå nettselskapet om å tilby lave nettleier. Dette må væra skivebom?

Det er viktig å sjå kva fylgjer endringar gjer for oss forbrukarar. Ein kan ikkje berre endre på leveringsgrunnlaget over natta utan at gjeldande forbrukarar blir skikkeleg varsla, og at det blir gjort utrekningar.

Nettstøttesjefen nemner at halvparten av nettkundane med 63 A sikring er flytta over til den nye tariffen. På kva måte har dette gått føre seg? Vanlegvis vil denne omlegginga føre til endring i det elektriske anlegget, som kostar pengar.

Nye bustadområde frå 1975 året var det mykje overgang til Jorkabelanlegg med stikkleidningar på 25 mm² Al. Godt berekna til å greie elfyring for alle i området. Meirkostnader for jordkabel måtte bustadbyggjarane koste sjølve. Anlegga var bygd og dimensjonerte etter dei lover og normer som da gjaldt.

Dersom det blir elbilar i kvar bustad, kan det bli ei utfordring ved lading, med reduksjon av sikringsvern. Skal alle abonnentane i tillegg fylje råda om å starte oppvaskmaskin og vaskemaskin om natta, er eg redd det kan bli varmt i mange heimar. Det blir ikkje trygt å legge seg til å sove da nei.

På syttitalet var det vanleg med 20 og 25 ampere hovudsikring. Da var det ikkje uvanleg med varmgang, sikringsbrot og branntilløp. På ingen måte noko trygge elektriske anlegg! Nå vil netteigar legge opp til at det nyttast 40 ampere som hovudvern. Når ein ser på den tekniske utviklinga vi har, er eg ikkje sikker på at det går rett veg. Det gjeld å dimensjonerte dei elektriske anlegga!

Dei nye energimålarane våre legg også til rette at prisane bli meir rettferdig utrekna etter forbruket og effektledd.

Skal nye tariffar inn, må dette gjelde nye elektriske anlegg. Installatørar og montørar må da vere oppdaterte på tariffane.

Vi vil ikkje subsidiera andre kundar. Til forskjell ser eg at til dømes Eidefoss Energi vil redusere nettleiga. Her er det loka styring!

Svein Rundtom, Sør-Fron

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags