Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.
I over eitt år har det handla om rutinar, praksis, lovverk, fristar, målsettingar, system, internkultur og revisjonsrapportar i Lillehammer kommune. Omgrep som kanskje ikkje er til å bli klok på alltid, men som er heilt sentrale med tanke på å legge tilrette for kommunal verksemd slik at dei som bur og byggjer, du og eg, blir tatt imot slik dei skal. Og får den hjelpa dei har krav på.
Fokuset har vore på byggjesaksavdelinga. Ei avdeling som inntil nokså nyleg har vore unødig regelstyrt, og der folk ved mange høve har møtt eit svulstig byråkrati og langt på veg fått kjensla av å stå med lua i handa. Utan alltid å få ting løyst.
Mange har kjent på maktesløyse over ikkje å få svar på byggesøknaden sin. Andre har ikkje fått til å gjere ting rett i møte med unødige formalprosedyrar som ingen ende ville ta. Ved enkelte høve har folk gitt opp draumen om eit lite påbygg på hytteverandaen. Nokre har droppa planar om å utvikle ein næringseigedom.
Det siste var tilfelle var med Hans Rindal, som for eitt år sidan fortalde om røynslene sine, i GD. Rindal søkte bruksendring for å byggje ei bustadeining i Storgata 73. Han måtte vente i ni månader på byggjeløyve. Kommunen brukte visstnok det meste av tida på å forsvare gjentatte utsetjingar og halde oppe retten til å krevje gebyr. Rindal gav opp.
Rindal-saka løyste ut eit skred av varslar. Denne veka kom rapporten frå kontrollutvalet, som stadfestar det svært mange har slite med i kontakten med kommunen. Rapporten syner dessutan at ein ved mange høve har tatt gebyr på feilaktig grunnlag.
I møte mellom kontrollutval og politikarar tysdag vanka det anerkjenning til administrasjonen og tilsette for at dei har rydda opp. Rosen er fortent. Og det er viktig at han kjem. No skal politikarane bestemme seg for om kommunen skal betale attende gebyr som er gitt på feil premissar. Svaret er like enkelt som det er sjølvsagt. Spørsmålet er om ein bør sjekke eit større tidsrom.
Men det viktige er at kommunen har gått ein veg. Og at dei no veit betre kven dei er til for og skal tene.