I GD 30. april har representantar frå fire ulike ullvarefabrikkar i Norge eit felles debattinnlegg og varslar mangel på norsk ull om det ikkje blir eit godt jordbruksoppgjer. Det er positivt for oss saueprodusentar at bruk av norsk ull blir sett pris på av norske ullvareprodusentar. Me treng at industrien snakkar fram norsk ull både med tanke på kvalitet, berekraft og arbeidsplassar i distrikta. Men er industrien villig til å betala for norsk ull ut over prisen på verdsmarknaden?

Prisliste frå Norilia/Nortura i fjor haust viste at eg fekk 53 kr per kg for den aller beste kvaliteten (haustull av norsk kvit sau). Fabrikk- og forbrukar-subsidiar frå jordbruksavtalen utgjorde av dette 91 %. Buk- og lår-ull frå sauene og farga ull blir ikkje betalt i det heile teke. Men av omsyn til god dyrevelferd bør alle norske sauerasar klippast to gonger per år. På 1980-90-talet kunne ull-inntektene utgjera 17–18 % av økonomien i sauehaldet. Nå er det i beste fall kring 5 %.

I Norge er det Norilia/Nortura og Fatland Ull AS som tek mot ull frå sauebøndene. Norilia sender det meste av ulla til England for vasking i samarbeid med Curtis Wool, og 70 % av norsk ull blir eksportert. Covid-19 har ført til svært låge prisar på verdsmarknaden. Dessutan er tekstilproduksjon ein svært konkurranseutsett bransje.

Det er veldig bra at norske ullvarefabrikkar etterlyser meir norsk ull av god kvalitet. For å auka produksjonen av norsk kvalitetsull, er det viktig at bonden gjer jobben i form av avlsarbeid på sauen, har reine dyr, rett klipping, sortering og levering av ull. Ullstasjonane og Norilia og Fatland Ull har også eit stort ansvar for mottak, sortering, vasking og omsetting av ull. Men ullvarefabrikkane er heller ikkje utan ansvar for at me skal produsera meir norsk ull.

Er det rett at fabrikkane skal basera seg på innkjøp av norsk ull etter pris på verdsmarknaden for ullvarer som blir selt i Norge? I så fall er det lett å forstå at ullvarefabrikkane ser fram til ein god jordbruksavtale med høge fabrikksubsidiar på norsk ull slik at det blir intersant for oss sauebønder å levera ull. Dessverre har ikkje faglaga i landbruket stilt krav om auka tilskot til kvalitetsull i årets jordbruksoppgjer. Men er det håp om høgare prisar i marknaden framover?

Øystein Havrevoll, sauebonde, Lillehammer