Inntil for to år sidan var den unike kunstnarheimen Jorderik ein ruin av mugg og råte ingen såg seg råd til å redde. Kommunen torturerte ein rådlaus eigar med krav om tvangsmulkt og feite dagbøter. Nokon sende klageskriv fordi bustaden, som ein gong var navet i miljøet av målarar og kunstnarar i Lillehammer, verka ustelt og gjorde skam på nabolaget.

Redninga for Jorderik kom som sendt frå himmelen ein haustdag i 2019. Gjennom å selje det sterkt medtatte anlegget til Fortidsminneforeninga for ein rimeleg penge, fekk eigarane Sigmund Jacobsen og Margit Juve Biørn den løysinga dei i det stille hadde arbeidd for over lang tid.

I dag lyser marshimmelen over kunstnarheimen att. Etter to års nitid restaurering i regi av Fortidsminneforeninga, er det ikkje lenge før anlegget står der i all si prakt og føljer oss med blide auga når vi passerer langs vegen.

Utpå sommaren ligg det an til at våre aller beste tradisjonshandverkarar og andre som med engasjement har bidratt til det unike restaureringsprosjektet, kan pakke saman og dra. Med ualminneleg godt samvit.

For Jorderik har blitt plukka ned og sett opp att frå kjellar til loft. Interiøret er snart på plass att. Originale vindauge er restaurert. Hagen vil bli rusta opp med den beste kompetansen. Den freda bustaden har aldri vore i så godt stand. Og basert på røynslene på Jorderik har Fortidsminneforeninga attpåtil etablert satsinga «Husbruk», eit program der dei vil kjøpe og sette i stand gamle hus over heile landet.

Ringar i vatn. Og ved dette høvet er ringane ekstra store. Eit forsikringsselskap har gitt 20 millionar til «Husbruk» fordi dei har sett forvandlinga og verdien av den unike læringsprosessen som har funne stad. Velsigna ubyråkratisk og konkret er Fortidsminneforeningas arbeid. På Jorderik har dei alt bestemt datoen for hagefesten. Den blir den 18. juni. Kanskje skal det skytast med kanon i hagen denne dagen, slik skikken visstnok då kunstnarane heldt fest.

Husa stammer frå Heidal, vart reist av målaren Thorvald Erichsen. I fleire tiår budde kunstnarparet Lars Jorde og Christiane Biørn Jorde her. Også målaren og kunstskribenten Ole Mæhle og kona Eli budde på Jorderik ein periode. Nå er spørsmålet, skal anlegget bli privatbustad eller ligg det potensial til noko meir i det unike anlegget.

Det er liten tvil om at staden representerer ein arv byen bør hegne om, ein arv som angår oss. Så for det fyrste er det på tide å gje hint til ordførar Ingunn Trosholmen, og andre med makt og medverknad innan lokalt og regionalt kulturliv, om at dei bør begynne å tenkje på kva dei skal seie i takketalen. Champagnen dei ber med seg til hagefesten bør vera god. Den bør anerkjenne eigarane sitt fokus og jobben som er gjort.

Dernest er det grunn til å håpe til det siste at nokon vil snakke saman om kva dette ikonet av ein kulturarena kan nyttast til i Unesco-byens midte. Kunne Jorderik kanskje bli ein møtestad der nasjonale og internasjonale kunstnarar kunne bu og arbeide? I fjor haust uttalte generalsekretær i Fortidsminneforeninga, Ole Harald Fjellheim, at han gjerne hadde sett at Jorderik kunne bli ein kulturarena for byen og dei som kjem på besøk. Så tanken er sådd. Hovudretten servert på sølvfat i dette tilfellet. Men blant kulturpolitikarar og kulturentreprenørar kan det nesten synest som om dei ser ein annan veg.

Nansenskolen, som har utdanning innan biletkunst, hadde sjansen, men takka nei. Lillehammer museum ser ikkje nytten av å legge Jorderik til porteføljen sin. Rike byonklar, ala Oslos Christian Ringnes eller Stein Erik Hagen, får gjerne namna sine på koparplater mot å bruke lommerusk på allmennyttige formål. Men slike har ikkje meldt seg så langt.

I fall dei finst, har dei enno sjansen. Til å gjere noko som inneber at arven og den ekstreme forvandlinga vert tilgjengeleg for folk og framande. Men det hastar. Initiativet må i så fall kome før bustadmeklaren tek dronebilete og legg ikonet ut på Finn.

Idet ein ny eigar hentar nøklane og skriv privat på porten, er det for seint. Så det spørst kva vi vil i denne byen, desperat halde liv i skuggen av ein OL-draum eller bygge stein på stein og røte oss i eit jordsmonn som er vårt.

Pusser opp for millioner: – Jeg føler det vi gjør er i pakt med husets sjel¨