Gå til sidens hovedinnhold

Nokon må kjempe for andre sin rett

aktuelt Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Gratulerer med 8.mars. Når ein ser attende, er det ein ting å seie: Kvinnekamp, og kamp for likestilling nyttar!

Dagen har røter attende til byrjinga av 1900-talet, og vart i kvinneåret i 1975, utropt til den internasjonale kvinnedagen. Dagen markerast over heile verda På tvers av landegrenser står vi saman i kampen for likeverd, likestilling og rettferd.

Den norske kyrkja har arbeidd med likestillingsspørsmål sidan 1970-talet. Frå 1988-1998 var det på initiativ av Kyrkjenes verdsråd, eit tiår i solidaritet med kvinner; The Decade, Churches in solidarity with women 1988-1998.

Då Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja skulle vedta deltaking og mål for tiåret, var det harde konfrontasjonar. Eit av måla var å få fleire kvinner i leiarstillingar i kyrkja, mellom anna inn i bispetenesta.

I dag er vi seks kvinner av tolv i bispekollegiet. Nokon har tatt kampen, og bana veg for å få det til.

I bibelen fortel Matteus om ei kvinne som kjempar for liv og verdigheit, og ber Jesus om hjelp. Ho omtalas som om ho høyrer til ein annan religion og kultur, men snur seg mot Jesus og ropar om hjelp for dottera si.

Jesus svarer henne ikkje.

Det er taust. Ikkje eit ord!

Det er overraskande og nesten provoserande.

Høyrer Han ikkje? Vil Han ikkje høyre?

Han avviser henne slik i heile tre omgangar.

Ho gir seg ikkje, men kjemper for dottera og står intenst på for å bli høyrd.

Uansett bakgrunn for Jesus si avvisande haldning, så skjer det noko.

Kvinnas handling og måten ho ter seg på blir lagt merke til av disiplane og av Jesus.

Jesus svarar til slutt: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og gje det til hundane» Men kvinna parerar svaret ved å bruke det same biletet: «Det er sant, Herre, men hundane får jo ete smulane som fell frå bordet hos herrane deira.»

Denne kvinna slåst for sin rett. Hun slåst for livet og håpar på hjelp til endring.

Kvinna viser styrke og har ei forventning om å bli høyrd.

Det å stå fram krev mot.

Men nokon har våga å kjempe for andre sin rett.

Ingrid Bjerkås gjekk framfor, og vart den første kvinna ordinert til prest i Den norske kyrkja i 1961. Men det var ikkje fyrste gongen ho gjekk til kamp mot makta. Under 2. verdskrigen var hun meir enn tydeleg i møte med Quisling og Terboven. Da ho ikkje fekk svar på det fyrste brevet sitt til Quisling, purra ho. På Slottsbakken kjempa ho seg igjennom folkemengda og protesterte mot Terboven ved å lyfte opp Det Nye Testamente. For eit mot!

Ho var tydeleg og uredd, og slik var ho også som den fyrste kvinna i presteteneste.

På 8.mars minnast vi dei som har gått framfor. Dei inspirerer oss til å stå opp i dag. Stå opp for menneskeverd, likeverd og likestilling.

Dei som var motstandarar av kvinnelege prestar, hevda at biskop Schjelderup, som ordinerte Ingrid Bjerkås, og dei som var hans meiningsfeller let seg rive med av tidsånd og kvinnesak. Noko av dette gjentok seg då Rosemarie Køhn vart biskop i 1993.

Historia syner at både enkeltmenneske og institusjonar har endra syn og ståsted. Slik har livshemmande fordommar som stengte for det som har livets rett, vorte avdekka. Nye vegar er gått opp.

Kvinneprest-spørsmålet var EIN sak. Seinare er det rydda veg for dei skilde og gjengifte sin plass i kyrkja, og plass for homofile og lesbiske.

Vi har bede samane, tyskarborn, romanifolket og andre grupper om unnskyldning for kva vi som kyrkje, ofte i god tru, har gjort mot dei, inntil vi skjøna at den gode tru var full av fordomar og ærekrenkingar.

Og vi må spørje oss sjølve:

Kva fordomar pregast vi av?

Kven opplev seg som utestengd no?

Kven vert definert med redusert menneskeverd?

Korleis handsamar vi og legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne?

Korleis snakkar vi om borna av dei som omtalas som IS-mødrer? Og borna i flyktningleiren Moira på Lesvos?

Nokon må kjempe for andre sin rett, og nokon må gå framfor.

Bibelforteljinga fortel oss at kampen for menneskeverd, likeverd og likestilling, er en kamp som hele tida må kjempast. Evangeliet er det same, men gjennom historia er det stadig nye landskap som skal utfordrast.

Kvinna som bad Jesus om hjelp, vart høyrd. Hennar argument vart lytta til, og Jesus hjelpte henne til slutt.

Vi utfordrast heile tida til å vere vakne på haldningar og språk. Evangeliet syner oss korleis vi som kyrkje, må våge å stå opp for den som kjempar for sin rett, til å stadig spørje oss sjølve: Held vi fellesskapet ope, ved å lyfte fram menneskeverd, likeverd og likestilling lokalt, nasjonalt og globalt?

Nokon må kjempe for andre sin rett!

Matt 15,21-28

Til lykke med den internasjonale kvinnedagen!


Solveig Fiske, biskop i Hamar