Gå til sidens hovedinnhold

Nord-Fron Ap og konsesjonslova

Artikkelen er over 1 år gammel

lesarinntindegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Nord-Fron kommune har behandla ein søknad om konsesjon for ein eigedom på Kvamsfjellet. Eigedomen på ca 630 daa, innheld 10 gards- og bruksnummer, og måtte behandles etter lov om konsesjon for erverv av fast eiendom. Nesten 600 daa av eigedomen er regulert til landbruksformål (LNFR), medan det resterande arealet er regulert til fritidsbusetning. Noko er også bebygd. Det er Sparebank 1 Gudbrandsdal som har vore eigar av eigedomen sidan 2011 for å sikre pant i eit konkursbo. I 2019 vart det inngått ei avtale mellom banken og utbyggingsfirmaet Tinde Utvikling AS om kjøp av eigedomen. I desember 2019 søkte firmaet Nord-Fron kommune om konsesjon for eigedomen.

Saka vart behandla politisk i Utvalg for miljø, landbruk og areal (MLA) i februar. Administrasjonen hadde etter mi vurdering gjort ei rett fagleg vurdering av saka. Dei innstilte på konsesjonsavslag for dei areala som er omfatta av konsesjonslova. Føremåla i konsesjonslova er ikkje samsvar med at eit utbyggingsfirma får konsesjon på desse LNFR områda. MLA, som har reint Ap-fleirtal, vel å sjå bort frå innstillinga til administrasjon. Dei vedtek at utbyggingsfirmaet skal få konsesjon på heile eigedommen. I vedtaket står det blant anna at «Konsesjonslova skal ivareta «…..et effektivt vern om landbrukets produksjonsarealer og slike eier- og bruksforhold som er mest gagnlige for samfunnet…».

Det er MLA’s oppfatning at dette ervervet vil styrke bosettingen og øke sysselsettingen i distriktet, og være mer gagnlig for samfunnet enn et personlig eierskap knyttet kun til de aktuelle LNRF-områdene.» Vidare hevdar det reine Ap- fleirtalet i MLA at utbyggingsselskapet vil kunne drifte eigedomen på ein rasjonell og gunstig måte, og ivareta beiteretten og fjellområda på ein «balansert måte».

Høgre og Frp har i ei årrekke kjempa mot konsesjonslova, først og fremst fordi dei meiner det er eit angrep på eigedomsretten og ikkje minst dei frie marknadskreftene. At Ap vel å legge seg på den same lina er oppsiktsvekkande. I tillegg blir det brukt ei lovtolkning og ein argumentasjon som er med på å undergrev heile konsesjonslova. Lovtekst blir teken ut av kontekst i kombinasjon med lettvint argumentasjon. Utbyggingsfirmaet driv i følgje proff.no, med utvikling og salg av eigen fast eigedom. Det seier seg sjølv at dei korkje vil ha interesse eller moglegheit til å ivareta dei vilkåra som følgjer med ein slik konsesjon.

På prinsipielt grunnlag har ein heller ingen garanti for kva som vil skje med eigarstrukturen til eit aksjeselskap, og spesielt eit aksjeselskap utan interesse i landbruket. Det er berre å minne om beiterettskonflikta som har gått føre seg om Nedre Heimdalen, delvis i same kommune. Espedalen Bygdeallmenning tapte beiteretten til Nedre Heimdalen i fjor. Denne eigedomen består og for det meste av uproduktiv skog, myr og skrinn fastmark. Det finst og bebygd areal der. Sjølv om Nedre Heimdalen ikkje er å ansjå som ein tradisjonell landbrukseigedom i Nord-Fron Ap sine auger, er det dramatisk når 630 bruksberettiga plutseleg mister beiteretten til eigedomen.

Nedre Heimdalen-saka viser kor viktig det er at vi har ei konsesjonlov for å regulere og sikre lokalt eigarskap og styrke landbruksinteressene. Ser ein dette i samanheng er det enda meir betenkeleg at Nord-Fron kommune sitt Ap-fleirtal gjer eit slikt vedtak som dei har gjort på Kvamsfjellet. Når selskap utan interesse i landbruket får konsesjon på eit slikt grunnlag som i denne saka, er det grunn til å rope eit stort varsko. Nord-Fron kommune hadde i denne saka alle moglegheiter til å sikre lokalt eigarskap ved å stille vilkår om at dei aktuelle LNFR-areala vart lagt til aktive gardsbruk. Styrking av beiterett og landbruket er også næringsutvikling som både sikrer busetting og styrker distrikta.

Asbjørn Stensrud, Sp-medlem, Lillehammer/Sør-Fron