Hurdalsplattforma er tydeleg på at lokalsamfunn som stiller naturressursane til disposisjon for utbygging, skal få att meir for dette. Det er bra at Hurdalsplattforma vil «revitalisere» dette prinsippet. Det Hurdalsplattforma ikkje nemner er hytteutbygging. Dei siste 20–25 åra er det truleg ikkje noko utbygging i Norge som har lagt beslag på meir utmark- og naturressursar enn hytteutbygging. Ei utbygging som ikkje ser ut til å ha nokon ende. Sørgjer lokalsamfunn og kommunar for å få att det dei ofrer til denne utbygginga?

Hytteutbygging har tilført mykje positivt til kommunar og lokalsamfunn i form av aktivitet og arbeidsplassar. Aktivitet som er kjærkomen i småe og mellomstore distriktskommunar. Samstundes er det ingen tvil om at utbygginga har mange negative konsekvensar. Utbygginga er arealkrevjande. Det skapar konflikt med primærnæringa, og det er ein bruk av naturressursane som ikkje er fornybar. Det er på høg tid at det blir tatt ein skikkeleg debatt om kva ein vil med norsk hytteutbygging. Kva skal det bli og korleis skal det forvaltast.

Omfanget av nedbygging av natur- og beiteressursar til fordel for hytteutbygging er stor. Enkelte stader er ein i ein situasjon der utbygging av hytter, utgjer ein minst like stor trussel mot beitedyr som i enkelte rovdyrområde. Ein opplever naturlegvis ikkje rovdyrtap i bokstaveleg forstand, men resultatet blir det same. Konfliktar med hytteutbygging vil presse ut den tradisjonelle beitebruken. Det er og ei stor utfordring at det framleis skjer ein del «sympatiplanlegging». For ofte høyrer ein om område som «fortener hytteutbygging». Rettferd bør ikkje og skal ikkje brukast som ei rettesnor for arealplanlegging. Ei god ja-kommune må og ha evna til å si nei.

Norges største suksess gjennom tidene, reint økonomisk, er norsk olje og gassindustri. Framsynte og avgjerdsdyktige politikarar sørgde for at ein ikkje- fornybar ressurs, kunne bygge opp dagens velstand. Dette skjedde gjennom eit godt gjennomarbeidd konsesjon- og skattesystem, der målet var att mest mogleg av inntektene frå norsk olje- og gassindustri skulle koma norske innbyggjarar til gode. Mange har peikt på hytteutbygging som «olja» i fastlands-Norge. Både oljeproduksjon og hytteutbygging vil ta slutt ein dag. Slik er det med ressursar som ikkje er fornybare. Kva vil kommunane og lokalsamfunna sitte att med når den siste haugen er utbygd og den siste spikaren er spikra? Foreløpig er det ingen ting som tyder på at nokon vil sitte att med eit oljefond i onkel Skrue klassa.

I for stor grad blir det planlagt og bygd ut hytter utan at det blir stilt krav om bidrag og forplikting til lokalsamfunn og kommunar. Det er lett å finne tradisjonsrike turiststader som slit med dårleg økonomi, mørklagde hotell, manglande finansiering av løypekøyring, og eit stort vedlikehaldsetterslep på heisanlegg, vegar, vatn og avløp. Hytteutbygging har vorte den dominerande aktiviteten. Det tradisjonelle reiselivet får dårlege vilkår, og det blir eit stort gap mellom varme og kalde senger. Utan varme senger blir det ingen aktivitet på sikt.

Kommunane må sørgje for ei betre balanse mellom kalde og varme senger gjennom rekkefølgjeavgjerder og utbyggingsavtaler. Overskot frå realisering av hytteutbygging må i større grad gå attende til vedlikehald og utbygging av kommunal infrastruktur, alpin infrastruktur og utbygging av varme senger.

Asbjørn Stensrud, styremedlem Lillehammer Sp