Oppland Senterparti meiner at Staten må setja inn økonomiske tiltak retta mot jordbruksnæringa. Det må gjerast før vekstsesongen om få veker startar.

Norsk jordbruk er ramma av svært høge kostnader på driftsmiddel. Driftsmiddel som er avgjerande for å kunne produsere mat. Det er heilt nødvendig at det frå Staten blir gitt løfte til jordbruket om at denne kostnadsveksten skal kompenserast, og at det gir raske konsekvensar for likviditeten til næringa. Tiltaka må omfatte alle driftsformer.

Det er ein ekstraordinær situasjon som har ført til denne auken i kostnader, mellom anna krigen i Ukraina. Difor må situasjonen også møtast med tiltak som ikkje er vanlege i norsk jordbrukspolitikk. Det vanlege er at jordbruket og staten forhandlar om økonomiske rammevilkår for næringa, med utbetaling av tilskot åtte månader etter at forhandlingane er avslutta. Auka prisar som blir forhandla fram vil ikkje kome som inntekt før produkt kan leverast, ofte fleire månader etter forhandlingane.

Med det kostnadsbildet vi nå ser for norsk matproduksjon, vil ei slik tidsramme føre til at mange produsentar ikkje har betalingsevne til å kunne halde oppe sin produksjon. Situasjonen er nå så alvorleg at det denne våren, for svært mange, ikkje vil vera mogleg å starte ein vekstsesong, med dei kostnader det vil krevja å fullføre den. Mange får ein kostnadsauke på fleire hundre tusen kroner, sett i forhold til førre vekstsesong.

Det betyr at det ikkje er mogleg å kjøpe inn nødvendige driftsmiddel. Eitt av mange utslag vil vera at kunstig vatning ikkje vil bli gjennomført, på grunn av høge prisar på elektrisk kraft. Mangel på andre driftsmiddel vil gi same effekt. Resultatet vil bli låge avlingar og låg avdrått, med redusert kvalitet.

Jordbruksnæringa må raskt sikrast ein likviditet som gjer at den på vanlege vilkår kan kjøpe inn driftsmiddel som gjødsel, kraftfôr og energi. All norsk matproduksjon er råka av ein ekstrem kostnadsauke. Konsekvensane av det vi nå ser vil bli svært alvorlege for norsk sjølvforsyning og matberedskap. Det krev uvanlege tiltak.

Olav Røssum, nestleiar i Oppland Senterparti