Nortura Otta og resten av Norge

SKIFTE: Demonstranter har samlet seg foran Otta Hotell tirsdag kveld. Guri Ruste skriv at mange vil gjere som ho - og levere dyra til andre enn Nortura om Otta-anlegget vert avvikla.

SKIFTE: Demonstranter har samlet seg foran Otta Hotell tirsdag kveld. Guri Ruste skriv at mange vil gjere som ho - og levere dyra til andre enn Nortura om Otta-anlegget vert avvikla. Foto:

Av
DEL

Leserinnlegg
Vi forstår at det må gjerast økonomiske grep for å redusere kostnader i Nortura for å auke prisen pr kg kjøtt ut til produsent. Nortura har gjort store investeringer i nye anlegg med store sprekk i utbyggingskostnader. Nortura har og ei stor utfordring overfor at dei tre kjedene som styrer all matvarehandel i Norge. Slik sett har landbruksamvirket oppgåver som markedsregulator, ei krevande oppgåve der det er lett å gå i spagaten. Da er det viktig halde på verdigrunnlaget. Dessverre legg Nortura-administrasjon nå opp til at Nortura nå skal ta spagaten.

Nortura Otta ligg midt i jordbruksland i Gudbrandsdalen. Det er eit godt drivi anlegg organisatorisk og økonomisk. God arbeidsmoral og lågt sjukefravær. Høgt fokus på dyrevelferd og flesible tilsette som legg all si ære i arbeidet. I tillegg lågare arbeidsgiveravgift enn Rudshøgda. Nortura Otta har god oppslutning mellom produsentene i region, ei oppslutning Nortura ikkje kan rekne med held fram om dei legg ned Otta. Ser Nortura regner med at det vil bli bli eit frafall på 19 prosent ved å legge ned Otta-anlegget. Min spådom er at Nortura er heldige om dei beheld 19 prosent dersom dei legg ned Otta. Kor stor lojalitet treng Nortura for å væra markedsregulator?

Nortura snur nå om på det som fungerer godt for å styrke det som ikkje funger godt. Dei skal legge ned veldrevne Otta for å styrke det ikkje fullt så gode Rudshøgda, samt nokre nye anlegg med stor kalkylesprekk i bygging. Nortura skal også bygge opp eit nytt transportselskap. Kanskje vil det væra lurt å ta ei runde rundt mellom produsenter. Ta ei samtale i fjøssvala eller ved kjøkkenbordet. Kva er viktig for medlemmane i Nortura. Kven vil ta runden i Gudbrandsdalen etter at Nortura skippa ut ein god tillitsvald frå dalføret?

Mi grunngjeving for å velge Nortura i alle mine år som produsent var fire: nærheit til anlegg, trygg og dyrevennleg transportør som kjende grendene og bøndene og slik kunne legge opp gode ruter. Samvirketanken om at overskotet gjekk attende til produsent og at alle produsenter er like mykje verdt om dei er små, store, fra grisgrendte eller sentrale strøk. Og siste grunn var nødslakteordninga. Den bonden helst vil unngå, men som er ei god hjelp når ulykka rammer.

Som proffkunde eller storhusholdningskunde vel eg Gilde fordi eg kjenner organisasjonen og veit det er kvalitet. Har i alle fall gjort det fram til nå. Men om Nortura på Otta blir borte, vel eg andre merke. Da er lokalmat-argumentet borte. Da står det om pris og kvalitet. Dessverre. Og eg er medlem av både NHO reiseliv og Nasjonalparkriket reiseliv og veit at fleir tenker som meg.

Korleis vil Nortura i framtida forsvare rolla som samvirkeorganisajon når det er sentralisert meir enn hjå konkurentane? Når dyret skal landet rundt både levande og død før produktet ligg i butikken eller kjem til meg på ein ASKO-bil. Kva tenker forbrukerne da om Nortura sitt klimaavtrykk, dyreveldferd, kortreist mat?

Er det økonomene på hovedkontoret eller det produsentvalgte styret som bestemmer? Vi forstår at hovedkontoret ligg i Oslo slik at dykk kan ta godt hånd om kontakt med rådende myndigheter og grossistledd. Men slakting og foredling bør foregå i distrikta. Kva koster drifta av Rudshøgda og Malvik i forhold til drifta av Otta? Det handlar sjølvsagt om arbeidsplasser. Men for oss andre handler det mest om dyra. Prøv det den som vil å stå på ein dyretransport fra Skjåk til Rudshøgda eller fra Lesja til Malvik

Guri Ruste, turistvertinne og varaordfører i Dovre

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags