Ny Otta skole 1-7 på Nyhusom

default

default

Av
DEL

lesarinnlegg

Sel og Heidal Senterparti går til val på at ny Otta skole 1-7 blir bygd på Nyhusom. Ved planlegging og bygging av ny skule er det viktig at nye læreplanar og praktisk pedagogikk blir lagt til grunn. Elevane sitt læringsarbeid har prioritet. Friminutta er også viktig for elevane si læring og utgjer ein vesentleg del av skulebarna sin «arbeidsdag». Skuleområde på Nyhusom byr på eit svært fint uteområde som gjev moglegheit for «naturleg» leik med tilgang til kjempefin akebakke og skogsområde med gapahuk, det vil si eit uteområde som innbyr til fysisk aktivitet (folkehelse).

I 2014 vedtok eit einstemmig kommunestyre i Sel å fullføre bygginga av Nyhusom, slik at 5.-7. klasse kunne flyttast dit frå gamle Otta skole. I 2017 gjekk eit fleirtal i kommunestyret inn for å endre planane slik at ny Otta skole skulle byggjast på Elvebakken-tomta. Sel og Heidal Senterparti meinte, og meiner framleis, at Elvebakken ikkje er eigna som skuletomt, og stemte derfor imot. Elvebakken har eit flatt uteareal som ligg mellom ein sterkt trafikkert industriveg og Lågen. Her må det til både inngjerding og skjerming mot støy og støv. For å kunne ta i bruk eit skulebygg på Elvebakken og få det forsikra, må det gjennomførast flaumførebygging. Signal frå NVE i så måte er sterkt forseinka. Skansen-vegen som går forbi Elvebakken, er kommunal, noko som gjer at omfattande trafikksikkerheitstiltak må betalast over det kommunale budsjettet. Slik ein forstår må det til eit omfattande grunnarbeid og flytting av ein trafo for å få Skansenvegen trafikksikker. Det står att ein del arbeid før det er klarlagt korleis dette skal gjennomførast, og det er heller ikkje kostnadsrekna. I tillegg er heller ikkje opparbeiding av uteområde på Elvebakken og rundt ny hall kostnadsrekna. Elvebakken som tomt for ny skule, er ikkje meir eigna nå enn da kommunestyret vedtok å etablere ny skule for 1.-4. klasse på Nyhusom på slutten av 1990-talet.

Den 14.august kunne vi lese i ein kommentar frå Jostein Hernæs at «Det er gjort millioninvesteringer for å frigjøre tomt.». Det Hernæs hadde i tankane var dei investeringane som er gjort ved at kommunen bygde Otta brygge. Kommunen bygde Otta brygge for å sikre bebuarane på Elvebakken og Selsrogata betre buforhold og for å samlokalisere avlastningsbustaden som var på Selsverket. Bygging av Otta brygge hadde ikkje noko med plassering av ny skule å gjera. Derfor kjem Hernæs sin kommentar heilt feil ut.

I valet av lokalisering av ny Otta skole 1-7 og ein framtidig barnehagestruktur for Otta-området skal ein ikkje gløyme det store engasjementet til innbyggjarforslaget «Krav om ny utredning av barnehagestruktur og skolelokalisering» som vart fremma for kommunestyret i Sel. Innbyggjarforslaget bad om utgreiing av mellomløysingar i forhold til framtidig barnehagestruktur og at kommunen stod fast ved tidlegare vedtak om lokalisering av ny barneskule på Nyhusom. Forslaget samla inn nær 900 signaturar i løpet av snaue 3 døgn.

Sel kommune har pr. i dag ei betydeleg gjeld på om lag 400 millionar. Det er viktig at utrekning av kostnader til bygging av ny barneskule blir korrekt slik at ein unngår å koma i ein situasjon der det blir behov for tilleggsløyvingar. Gjeldssituasjonen tilseier at ei renteauke gjer oss enda meir sårbare.

I Sel har vi eit reelt val for plassering av ny Otta skole 1-7. Bygging av ny skule betyr millioninvesteringar som kommunen sine innbyggjarar skal ha glede av i mange år framover. I samband med kommunevalet i haust har innbyggjarane moglegheit til å påverke kvar skulen skal byggjast.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags