Synne Corell si bok «Likvidasjonen. Historia om Holocaust i Norge og jakta på jødisk eigedom» står fram i den norske Holocaust-litteraturen som ei av dei mest omfattande og veldokumenterte til no. Forfattaren (f. 1973) er historikar, med doktoravhandling om framstillinga av okkupasjonen 1940–45 i norsk historiekultur og historiebøker. Boka «Likvidasjonen» er spesielt interessant for Gudbrandsdalen, då forfattaren vier to utførlege kapittel særskilt til familien Karpol frå Sør-Fron, deira liv og lagnad. Karpol-familien er også gjennomgangs-personar i tre andre kapittel i boka. Fyrst i forteljinga om NS-lakeien sakførar Wollert Wilhelm Valle og hans verksemd som «bobestyrer» for til saman sju «jødebu» i Hedmark og Oppland. Plyndringa av Karpol-heimen var det han som stod for. Historikaren Tore Pryser har i arkiva leita fram orda som Valle uttala direkte til gamle Gerson Karpol: «Samuel, søn din, var ein hund, og vi nazistar arbeider for å få avlivet slike karar». Corell siterer kva Valle skreiv om Klara Karpol til Statspolitiet i Oslo: «Ho er den mest ondartede i familien». Slik dokumenterer historikarane kva slags rå vondskap som låg til grunn for jødeaksjonen og den seinare likvidasjonen, plyndringa av jødisk eigedom. Karpol-familien og deira lagnad levandegjer alt som løyner seg i omgrepet «likvidasjon», som i denne samanhengen ikkje handlar om mord, men om ran av eigedom, rettstryggleik, identitet og status i samfunnet.

Det var og lokale aktørar inne i bildet, omtala i kapitelet om lensmannen i Sør-Fron og hans rolle i Karpol-familiens tragedie. Og i kapitelet «Auksjoner» er det auksjonen over Karpol-buet i mars 1943 det hovudsakleg handlar om. Her vert det rørt ved eit skamfullt minne i Frons historie, då folk frå begge Frons-kommunar tok viljug del i auksjonen. Det er i seinare tid levert inn nokre få gjenstandar frå denne auksjonen, mellom anna skrivebordet og skrivemaskina til Samuel Karpol. Her kan det gjerast meir lokalt i Fron. I europeisk forvaltning av kulturminne legg ein vinn på å samle inn ting som tilhøyrde ofra for Holocaust. Konkrete gjenstandar fortel historia på ein tydelegare måte enn ord og omgrep.

Corell viser kva grundig og nitid arbeid med allslags kjelder, frå arkiv og avisartiklar, frå folketeljingar, rettssaker og avhøyrs-protokollar, kan få fram om personar og hendingar. Det vert eit stort puslespel som til saman dannar eit fullstendig bilete. Familien Karpol, som kan ettersporast i mange ulike kjelder. I boka sitt utførlege namneregister er Karpol det namnet som nesten har mest oppføringar, gjennom heile boka på til saman over 600 sider.

Det kanskje viktigaste frå ein lokal synsstad, er at gamle Gerson Karpol sjølv kjem til orde, gjennom det Corell har henta fram av korrespondanse, vitnemål i retten og i avhøyr. Hans eigne ord levandegjer både livet dei har levd som flyktningar og innflyttarar, og det smertefulle tapet og den nedverdigande audmjuking dei måtte tole både under og etter krigen. Sjølv om familien Karpol hadde mange og gode venner i grend og grannelag, følte han nok at bygda, med leiarane i spissen, svikta dei. I brev til den nye lensmannen skriv Gerson Karpol i 1945: «Eg skal ha reie på alt kva er skjedd, nu tar eg dere til ansvar på alt.» – Det spesielle med denne jødiske familien var at dei var så godt integrert og så vel likt i bygda, og difor vart fornedringa og audmjukinga dess sårare. Spesielt måtte den gamle faren ha kjent på dette på vegner av sonen Sam, som hadde tent bygda og folket så trufast heile sitt vaksne liv. I etterordet «Om utval av personar og familiar» skriv Corell: «De færraste jødane som levde i Norge i 1940 har etterlatt seg den mengda og typen dokumentasjon som finst etter Oscar Mendelsohn, Eileen Bjørnson og Gerson Karpol. Det gjør dei takknemlege å skrive om, men det er samtidig viktig å vere klar over at dette også gjør dei helt spesielle». Gamle Gerson vart eit viktig vitne i det norske Holocaust.

For Fron og Gudbrandsdalen sin del utfyller Corells bok dei minne ein har om Karpol-familien, slik dei har kome fram i ymse artiklar i «Fronsbygdin», Fron historielag si årbok, og andre lokale publikasjonar. Det er gode og kjære minne om folk som ein gong var venner og naboar av familien. Desse tidsvitne er no borte. Dei måtte og vedgå at det var såre og skamfulle minne, ikkje minst knytt til auksjonen i 1943. Om dei lokale aktørane på NS-styret si side, ville desse vitne seie lite, men her står Corell som historikar fritt. Det er mykje trist å lese om denne sida av historia.

Det vart halde ei minnehøgtid for Karpol-familien, initiert ved sokneprestane i Sør- og Nord-Fron 26. oktober 2002, på 60-årsdagen for jødeaksjonen. Det vart starten på innsamling av minna om familien. På ei minnetavle ved krigsminnemuseet på Kvam er dei tre Karpol-borna oppførte blant dei krigsdøde i Fron. I 2019 vart det nedsett såkalla «snublesteinar» for dei tre utanfor kommunehuset på Sør-Fron, med ei temautstilling i Sør-Fron bibliotek gjennom sommaren og hausten. Mange i Fron har fått augo opp for kva denne familien i si tid betydde i våre bygder. Corell stadfester det tidsvitna lokalt fortel, at Klara, Ester og Samuel (Sam på folkemunne) var aktive og deltakande på mange område i lokalsamfunnet, som gode hjelparar og medaktørar, og som gode medmenneske. Ei spesiell hending har Corell henta fram: i samband med årsdagen for den tyske invasjonen, i april 1941, vart det arrangert ei markering for Ole Heimstad som fall i aprildagane 1940. På festen etterpå i ungdomshuset i Ruste, heldt prost Nordrum tale. Men det var ein tale til – av Samuel Karpol. Corell skriv: «Og han visste at han høyrde til i et lokalsamfunn kor han var ein person mange kjente til, ein som kunne tiltrus vanskelege oppgåver i visshet om at han kom til å velje de riktige orda». Eit talande vitnemål om kva posisjon Samuel Karpol hadde i Fron.

Summen av minner og dokumentasjon må bli meir ein nostalgi og kunnskap. I historia om jødane sin lagnad, med familien Karpol som eksempel, står fram historikaren sitt grundige arbeid som eit alvorleg varsku om kva som skjer når makta vert sett høgare enn retten, og vald og maktovergrep utan ein etisk basis får politisk aksept, også på lokalplanet. Det er eit varsel vi må ta på alvor slik tida er.

Kjartan Ruset, Vinstra