Forskningsstiftelsen Fafo har kartlagt at talet på fattige barn i Norge frå år 2000 til 2006 hadde auka til 85.000. 1564 var heimehøyrande i Gudbrandsdalen, Lillehammer og Ringsaker. Det er mange skuleklasser ...
85.000 barn
Rapporten som forskingsstiftelsen Fafo har utarbeidd på oppdrag av Redd Barna og LOs barne- og familieorganisasjon Framfylkingen, slår fast at over 85.000 barn i 2006 vaks opp i fattigdom i Norge. Barnefattigdommen auka med 2,8 prosent i perioden 2000 til 2006.
Ekskludert
Barnefattigdom handlar ikkje primært om sosial naud der ein ikkje har mat, klede og bustad –eller om mangelen på dei nyaste forbruksvarene – det handlar først og fremst om barns moglegheit til å kunne delta på line med andre og få utvikla sitt potensial. Fattige barn kjenner seg ofte sosialt ekskludert og deltek på færre fritidsaktivitetar.
Oppland sett under eitt var det nær dobbelt så mange, 3.056 fattige barn, eller 7,7 prosent av fattige barn i Norge.
Sjokkbølgjer
Redd Barna og Framfylkingen meiner barnefattigdom er eit offentleg ansvar og oppfordrar alle kommunar til å utarbeide tiltaksplan.
Ein liten artikkel i GD før jul om 49 fattige barn i Vågå sendte sjokkbølgjer inn i kommunestyret. Der grip ein nå fatt i problematikken og søkjer Fylkesmannen om midlar til sosial inkludering av alle barn og unge i kommunen.