Gå til sidens hovedinnhold

78-åring bergar omsorga

Artikkelen er over 10 år gammel

Rannveig Øverøyen (78) går framleis i fulle vakter i heimesjukepleia i Skjåk. - Ho er med å berge oss gjennom året, seier omsorgsleiar Mari Brenna.

- Ho er med å berge oss gjennom året. Det er aldeles sikkert. Rannveig er ein kjemperessurs for oss. Ho stiller opp når andre har feire, og når andre ikkje kan. Ho er kunnskapsrik. Ung i sinn. Tøff. Pensjonistane våre, både i utetenesta og på institusjonen, gjer eit framifrå arbeid. Som den eldste i staben er Rannveig Øverøyen ei klippe.

Pleie og omsorgsleiar Mari Brenna og leiar for heimetenesta i Skjåk kommune Gudrun Teigen kan ikkje få fullrost Rannveig Øverøyen, som så tidleg som i 1974 starta heimesjukepleia i Skjåk. Rannveig Øverøyen er ein blant mange pensjonistar som tek eit tak for helse-Norge.

Ofte tek Rannveig Øverøyen fulle vakter, frå 07.30 til 15.00. Som den eldste på laget, står ho på vaktlista, slik ho har gjort i alle år i heimesjukepleia i Skjåk. Andre gonger stepper ho inn omtrent på flekken.

Les meir om den utrulege eldsjela i papirutgåva og sjå bileta her.