- Alkoholen betydde alt

HARDTLIV:Erik Formofetten (44) frå Otta har levd eit hardt liv med mykje rusproblem. Nå er han edru og går i sjølvhjelpsgruppe.

HARDTLIV:Erik Formofetten (44) frå Otta har levd eit hardt liv med mykje rusproblem. Nå er han edru og går i sjølvhjelpsgruppe. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Etter å ha drukke kvar dag i eit og eit halvt år vart Erik Formofetten (44) lagt inn på klinikk. - Eg nådde min personlege botn, seier Formofetten.

DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

OTTA: I dag går han kvar måndag i sjølvhjelpsgruppe på Otta i regi av AA(Anonyme Alkoholikarar). Slike sjølvhjelpsgrupper er tema på dagens konferanse i kommunestyresalen i Lillehammer. Arrangør er Selvhjelp Norge.

Fekk blodpropp

- Høgtidene er verst. Da er det meir legitimt å drikke. For meg betydde påska elleve dagar med fyll. Det fyrste eg tenkte på om morgonen var å drikke. Du anar ikkje kor dårleg eg var, seier Formofetten.

April 2009 skulle bli vendepunktet for Formofetten. Han hadde drukke kvar dag i eit og eit halvt år og det einaste som betydde noko for han var alkoholen.

- Den har for lenge sidan øydelagt forholdet til både venner og familie. Det vart ein fest for mykje.

- Eg fekk blodpropp. Min personlege botn var nådd, seier Formofetten.

- Det utvikla seg

Han fortel tilbake til tida da det starta. Som ein av fleire 14-åringar betydde helg fest og drikking. Det utvikla seg frå fest kvar laurdag til både fredag og laurdag. Etter ei stund måtte han reparere på søndagar.

- Søndagar og måndagar vart etter kvart drikkedagar og ikkje reparasjonsdagar, seier ein ettertenksam 44-åring.

Alkoholen utvikla seg til å bli den viktigaste tingen i livet hans og vart det fram til han fekk blodpropp. Han var ikkje høg i hatten da han kom til Valdres-klinikken. Der var han i fem månader.

- Det er ikkje lov å sjå på tv og det er heller ikkje lov å ha mobil. Samtidig er dei strenge med kva slags lesestoff vi får lese på klinikken. Grunnen er at pasientane ikkje skal kunne flykte frå problemet sitt, seier Formofetten.

Sleit med stor gjeld

Han har alltid vore flink til å synest synd på seg sjølv og få andre til å føle det same.

- Eg har alltid vore flink til å prate for meg. Du veit, det er ikkje lett å kome heim att når du har spelt bort 15.000 kroner på ein speleautomat på tre timar. I tillegg til at eg var full heile tida, seier Formofetten.

Som ein konsekvens av rusproblemet sitt opparbeidde han ei stor gjeld på 800.000 kroner. Denne har han nå fått orden på.

- Eg spurde alltid om forskot på løna mi. Når den var oppbrukt på alkohol, piller og spel gjekk eg til NAV og fekk hjelp til å betale rekningane. Systemet er enkelt å utnytte, seier Formofetten.

Vil utdanne seg innanfor rus

AA-møta på Otta sett han stor pris på. Her fortel dei om sine personlege erfaringar og utfordringar.

- Ettervernet i norddalen er ikkje godt nok. Derfor er eg med på ei styringsgruppe i regi av kommunen og eg har lyst til å starte på utdanning innanfor rus. Da kan eg hjelpe andre personar som er i same situasjon eg har vore i, seier Formofetten.

- Vil du klare å vere edru?

- Eg tek ein dag om gongen. Legg eg meg edru så veit eg at eg vaknar edru neste morgon. Eg vil ikkje tilbake dit eg var.

Artikkeltags