Alle skal skrive nynorsk

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Vågå kommune har fått utarbeidd utkast til informasjonsplan der alle tilsette blir pålagt å skrive nynorsk – sjølv om henvendinga kjem på bokmål.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

VÅGÅ: «Vågå kommune har nynorsk som hovudmål. Dette inneber at alle tilsette i Vågå kommune skal nytte nynorsk som språkform i skriftleg kommunikasjon med omverda. Nynorsk er «omvendt diskriminert», slik at det ikkje er eit krav om at korrespondanse som kjem til oss på bokmål skal ha svar på bokmål».

Informasjonsplan

Ordlyden er henta frå utkast til informasjonsplan for Vågå kommune som nå blir lagt ut på høyring. I statleg og fylkeskommunal administrasjon er hovudregelen at ein skal ha svar på den målforma ein tilskriv forvaltningsorganet på, men dette ser altså nynorskkommunen Vågå bort frå. Informasjonsplanen tek for seg korleis administrasjonen skal praktisere informasjonsformidling. Det blir vedktlagt at informasjon er eit viktig strategisk styringsverktøy som blir sidestilt med andre overordna styringsmiddel som økonomistyring og personalforvaltning.

Sutring bannlyst

Vågå kommune skal praktisere såkalla meiroffentlegheit og sikre at innbyggjarar, media og andre har innsikt og kunnskap om kommunal tenesteyting. «Det kviler både ei plikt og eit ansvar på Vågå kommune i forhold til å gi omverda så utfyllande informasjon så raskt som mogleg», står det i innleiinga. Sutring er bannlyst, og negative oppslag om Vågå i media bør møtast med opeheit og innsyn i prosessar. Vågå kommune ønskjer ikkje å leggje band på tilsette når det gjeld uttale til media. Anonyme lesarinnlegg vil ikkje bli kommentert, heller ikkje namngjevne anna enn for å korrigere opplagte og grove feil. Politisk nivå skal svare på saker med vinkling. Frist for å koma med innspel er sett til 10. januar. Det kan lønne seg å skrive nynorsk&

LILLEHAMMER: - Ut frå lovverket, tydar det på at Vågå er i sin fulle rett til å gjera dette. Kommunikasjonsrådgjevar Ivar Ødegård hos Fylkesmannen viser til Målbrukslova frå 1981. Stat, fylke og nøytrale kommuner må svare på same målform som dei er tilskrive, men kommuner som har fatta vedtak om å ha nynorsk – eller bokmål for den saks skuld – som administrasjonsmål, kan praktisere denne målforma fullt. Det er med andre ord strengare praksis for stat og fylke, enn det kommunale forvaltningsnivået.

Artikkeltags