Baristabudeia som mjølkar kaffemaskina

MODERNE MJØLKING: Anne-Mari Sandvær er inga budeie i tradisjonell forstand, men tillet å kalle seg «Baristabudeie» etter som ho mjølkar ei hypermoderne kaffemaskin som  kan by på minst 10 forskjellige slag - mange med mjølk i...

MODERNE MJØLKING: Anne-Mari Sandvær er inga budeie i tradisjonell forstand, men tillet å kalle seg «Baristabudeie» etter som ho mjølkar ei hypermoderne kaffemaskin som kan by på minst 10 forskjellige slag - mange med mjølk i... Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Byen kom til dølafjell da det vart hypermoderne kaffebar på Kalven seter. Gjett om det er populært!

DEL

– Det er viktig å presse kaffien og få den jamnt ned i behaldaren, forklarar baristabudeie Anne-Mari Sandvær, ho byr på ein dobbel mocca i den eldgamle sæterstugu med formanning om å røre godt ut sjokoladen...

For det vart andre tider, eller bollar, da Kalven seter opna hypermoderne kaffebar til ferien. Visstnok den einaste i sitt slag høgt til fjells mellom Oslo og Trondheim. Du finn same slag i den populære mathallen i hovudstaden.

Nymotens

Baristabudeia vartar opp med heile tre forskjellige slag svart kaffe frå Braszil, Columbia og Kenya, og sju andre nymotens hippe internasjonale greier som latte og mocca i både ein og doble variantar, espresso, portado og cortado. Pluss te, iste og kakao.

– Mange likar svart kaffe best, men fleire og fleire vil prøve nye variantar, fortel Sandvær, overraska og glad over den store oppslutninga lokalt frå Vågå og bygdene kring. Hyttefolket, som det etter kvart har vorte mange hundre eller tusen av rundt Lemonsjøen, er ho ikkje så forundra over. Dei set pris på å få same vare som dei «utskjemte» med i by’n.

Ymse aktivitetar

– Mange kjem att dag etter dag, fortel Sandvær. At det vart tilrettelagt ymse aktivitetar til Gardmillom tel med. Hestesko- og mølkespannkasting, pil og boge, togtrekkjing og ikkje minst riding. Det var ho sjølv som fann opp uttrykket «baristabudeie» da ho søkte om fylkeskommunal støtte til prosjektet.

– Barista kjem av at eg arbeider med kaffe, men eg er inga tradisjonell budeie som mjølkar kyr. Derimot mjølkar eg kaffemaskina, og da kan eg vel kalle meg «baristabudeie», ler Sandvær, som har fått travle dagar med to små ungar og stor pågang av kaffekundar. Planen er å ha oppe til 18. august, men det blir nok ein del helger ut over hausten og vinteren også...

Artikkeltags