Bekymra for dette

Naturfenomen i Uldalen i Sel

Naturfenomen i Uldalen i Sel Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Kvitskriuprestein innafor Selsverket er eit naturfenomen som ikkje finst mange stader i verda, men nå kan det sjå ut som om dei syng på siste verset.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

- Det var mange fleire og dei var mykje større. Det har skjedd mykje berre sia eg kom hit for 15 år sia og av tre attverande står utrygt.

Rådgjevar Finn Bjormyr i Statens Naturoppsyn (SNO) legg ikkje skjul på at han er bekymra for framtida til Kvitskriuprestein, som det blir sagt lokalt, eller Kvitskriuprestan som Statens namnekonsulentar meiner er rett skrivemåte.

Einaste i Nord-Europa

Jordpyramidene i Uldalen innafor Selsverket mot Rondane er dei einaste av sitt slag i Nord-Europa og eit naturfenomen som det ikkje finst mange av i verda.

Forholdsvis lett tilgjengeleg, og med mykje betre tilrettelegging dei siste åra, har dette vore ein turistattraksjon.

- Det er framleis ein kvalitet, men det er klart at den blir dårlegare når det dett ned stadig fleire, seier Bjormyr, som understrekar at utviklinga er del av ein naturleg prosess som ein ikkje kan tukle med. Prosessen er tvert i mot grunnlaget for fredinga som naturminne 24. juni 1977.

Minka på prestar

Bjormyr opplyser at det er særleg dei siste 10 åra det har minka på Kvitskriuprestar. Dei siste tre-fire åra har det dutte tre.

Steinen som vernar søylene mot styrtregn datt av på den nest største for to år sia, og nå har det segna om enda ein. Dermed er det att berre tre, og to av desse står også utrygt.

Det er teikn til danningar av nye, men Bjormyr er usikker på om det slår til.

- Er det fare for at Kvitskriuprestan kan forsvinne?

- Det avheng heilt av nedbørforholda og tilstanden i grunnen. Eg tør ikkje å spå, men at dei er i fare er uomtvisteleg.

Heng i hop med ras?

Bjormyr undrar seg på om utviklinga for Kvitskriuprestan heng i hop med dei mange jordrasa som Sel har vore utsett for i år. Dette skuldast visstnok vassfull grunn frå hausten og lite frost om vinteren i kombinasjon med nedbør om våren og forsommaren.

Jordpyramidene er eit naturfenomen som oppstår når regnvatn skyler bort hardpakka morenemateriale og etterlet seg søyler der store steinar ligg som paraplyar og vernar underliggjande masser mot regn.

Artikkeltags