Gå til sidens hovedinnhold

Best på service

Artikkelen er over 8 år gammel

Brekkeseter på Høvringen får topp skussmål for god service.

- e itt’ no ork å driv god sørvis når du får så go’ tebakmeldinga. Da får du ænersji te å fortsett, kling det på kav trøndersk mellom tømmerveggar på Brekkeseter.

Ekteparet Kari og Bjørn Setsaas gjer ingen forsøk på å skjule sitt trondhjæmske opphav, sjølv om turiststaden dei har lagd all flid og sjel i gjennom snart 18 år er tufta på oppbyggjing av eit tun med 20 gamle hus frå Gudbrandsdalen og Østerdalen - midt mellom i Rondane.

I fjor på denne tida gjorde dei det skarpt på andre sida av kloda i fjernsynstevlinga «Amazing Race». Nå er det dei sjølve som får amazing attendemeldingar for måten å drive fjellhotell på. Den internasjonale nettstaden TripAdvisor har kåra Brekkeseter til Norges beste på service. Attpåtil kjem Høvringen godt ut som den åttande beste destinasjonen.

– Å bli plassert på topp av uavhengige TripAdvisor, der det er gjestane sjølv som står for kåringa, den desidert største i verda på området, er stort. Det er nesten ikkje til å fatte, når ein ser andre på lista bak seg. Prisen er vel ei stadfesting av at vi har lykkast, men langt meir enn det, meiner Bjørn og Kari.

– Vi er inne i ein teknisk revolusjon for reiselivet. Da vi kom hit var det kostbare og lite effektive brosjyrer og avisannonser som galdt. Nå er det internett. Da når Brekkeseter ut til heile verda for ein låg pris. Ikkje berre Trip Advisor, vi er på alle sosiale medier og har slutta heilt med brosjyrer. Det einaste vi har att er eit lite visittkort. Det norske distriktsreiselivet har enda ikkje oppdaga det teknologiske potensialet, og det er etter mi meining ei feil oppfatning at reiselivet i vårt distrikt har ein overkapasitet. Det finst millionar av rike og reiseglade, for eksempel i Nord-Tyskland, det gjeld berre å gjera seg tilgjengeleg, seier vertskapet på Brekkeseter.

1. Brekkeseter, Sel 2. Rica Park, Stavanger 3. Dalen, Telemark 4. Balestrand, Sogn 5. Clarion Hotel Bastion, Oslo 6. Rica Bakklandet, Trondheim 7. Lysebu, Oslo 8. Clarion Hotel With, Tromsø 9. Rica Airport, Stavanger 10. Clarion Hotel Bryggen, Ålesund 11. Rica Hotel Bygdøy Alle, Oslo 12. Clarion Hotel Bergen Airport 13. Clarion Hotell Tollboden, Drammen 14. Clarion Hotel Bryggeparken, Skien 15. Hotel Brosundet, Ålesund 16. Hotel Ullensvang, Hardanger 17. Rica Park, Bergen 18. Rica Nidelven, Trondheim 19. Clarion Hotel Folketeateret, Oslo 20. Quality Hotel Waterfront, Ålesund 21. Solstrand hotell og bad, Os 22. Mølla hotell, Lillehammer 23. Røros hotell 24. City Living HotelTromsø 25. Walaker, Sogn.