Blåfjelldal til raude Vågå

Oppland FrPs ungdomskandidat ved siste hausts stortingsval, Hanne Maren Blåfjelldal frå Sør-Aurdal i Valdres, er utplukka til prosjektleiar for «Norges beste skule».

Oppland FrPs ungdomskandidat ved siste hausts stortingsval, Hanne Maren Blåfjelldal frå Sør-Aurdal i Valdres, er utplukka til prosjektleiar for «Norges beste skule». Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Frps Hanne Maren Blåfjelldal (28) skal utforme Norges beste skule som prosjektleiar i knallraude og totalt Ap-styrte Vågå.

DEL

Under ein seanse for statsministeren hos Innovasjon Norge i Oslo 25. mars i år, lanserte Elizabeth Hartmann i Siste Skrik og generalsekretær Per Morten Hoff i IKT-Norge satsing på «Norges beste skule» i Vågå.

Vekte oppsikt

Eit nytt tankesett skal gjera ottadalsbygda til den beste å bu i. Skulen skal skape vekst og trivsel ved hjelp av næringsutvikling.

Til å leie dette vart det søkt etter prosjektleiar. I første omgang ga det liten respons, men ei oppsiktsvekkjande heilside i Dagbladet på haustparten vekte kvinners lyst. Åtte søkte stillinga, og nå er det etter det GD erfarerer klart at Oppland FrPs ungdomskandidat ved siste hausts stortingsval, Hanne Maren Blåfjelldal frå Sør-Aurdal i Valdres, er utplukka til prosjektleiar for «Norges beste skule». I første omgang for eitt år, men det kan bli tre til. Etter det vi får opplyst kombinerer 28-åringen i dag tilværet som rådgjevar på Stortinget med lærargjerning ved ungdomsskulen heime i Bagn. Med mastergrad i samfunnsgeografi, er ho som påtenkt til oppgåva.

«Beklager så mykje at det har vore lite oppdateringar den siste tida, men det heng saman med at det skjer store ting i livet mitt om dagen, som eg ikkje kan røpe enno. Meir informasjon kjem på onsdag! :)» skriv Blåfjell sjølv på sin eigen blogg.

I medieinnbydinga til presentasjonen på Tessanden oppvekstsenter førstkomande tysdag står det ingen ting om «Norges beste skule». Ordlyden er dempa. Her heiter det at Vågå ønskjer å drive eit enda meir målretta arbeid med barn og ungdom, som eit sentralt verkemiddel for å nå ei meir positiv samfunnsutvikling. Resultata skal nåast gjennom ei omfattande satsing på skule.

50 millionar kroner

Første steg er ei total renovering, om- og påbygging av Vågåmo skule til 50 millionar kroner. Dette er godt i gang, i byggjeperioden er heile barneskulen flytta til Klones for halvtanna år.

- Friskt at kommunen ikkje bryr seg om politisk ståstad ved tilsetjing av prosjektleiar, seier ei sentral kjelde som vel å vera anonym, med tanke på at Vågå er av dei rauaste kommunane i fylket. Ap har totalt fleirtal med 14 av 21 kommunestyrerepresentantar. FrP er ikkje representert, for det finst ikkje eingong lokallag i bygda, men det er visstnok på gang...

Det lykkast oss ikkje å få tak i Blåfjelldal i går kveld.

Artikkeltags