Sel kommunestyre vedtok måndag kveld med 14 mot 10 røyster at det skal vera bokmål i barneskulane på Otta, Otta skole og Nyhusom.

Det var 10 frå Ap og fire frå Høgre som røysta for bokmål. Fem frå Ap, to frå Sp, ein frå Høgre, KrF og SV ville framleis ha nynorsk som hovudmål.

Dei som har vald nynorsk frå og med 4. klasse har krav på å få halde fram med dette ut 7. klassetrinn.

Det blir folkeavrøysting i Heidal og Sel i løpet av hausten, opplyser ordførar Dag Erik Pryhn.