Det stod eit vilt bukkeball.......

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Fleire bussar måtte gjera vendereis da Bjørn Turtums gammeldansorkester baud opp til bukkeball i Bøverdalen. Det hadde gått gjetord om at hendinga skulle «forevigast» i levande live.

DEL

BØVERDALEN: Det skal godt gjerast å hamle opp med Olav Aukrusts elleville skildring av «Aksion på Tande». Men i nyare tid skal det noko til å overgå bukkeballet på Bøverdalen samfunnshus sist laurdag. Fleire bussar måtte gjera vendereis frå Galdesand utan at passasjerane fekk sett føtene innom samfunnshusdørene. Inne var det ei huskestugu utan like&

Husorkester

- Eg trur det må vera lengje sia det har vore noko liknande her til bergs, og det må vera ny rekord i antal bukkar, ler arrangørlagsleiar Unni Kvålshagen. Jotunheimen ungdomslag er av dei få som held liv i den gamle skikken med bukkeball og livate Turtums er fast orkester. I år var det 20-årsjubileum som husorkester. - Vitsen er at dette skjer i Bøverdalen. Dei held på tradisjonen med bukkeball, på den måten har dei ivaretatt oss, og da er det berre på sin plass at vi gjev dei noko attende. Slik forklarar Bjørn Turtum kvifor dei la liveinnspelinga si til Bøverdalen samfunnshus. Det skal bli både CD og nymotens film på DVD. Som ein garanti, i tilfelle det skulle bli for mykje styr og ståk under sjølve bukkeballet, var det hyra inn 20 par frå ottadalsbygdene som svinga seg til opptak nokre timar før sjølve dansefesten. Og det var kanskje lurt, for det smell i både kjelelokk og vaskebrett, skrik og skrål og anna leven under sjølve festen.

Paven kom til Lom

Nå såg vi korkje Randa-Knut’n eller Sanda-guten, Nygjordsvetlen eller Petter-Per, men ei av dei utkledde var mistenkjeleg lik Beret Burtafor. Ho Dansar-Eli drog upp stakken så Paven frå Rom vart reint galen. Slusken dansa og fyrkjun vart hivde høgt i tak. Heldigvis såg vi ingen som kne-gjekk eller kniva, sjølv om flaskene dansa tett og jamnt over bord og golv. - Å, jøje meg, detta æ løyle´, slikt folkeliv skulle du aldri ha sett, betrudde ein gausdøl på ståk i Lom oss. Det var sett ei grense på 220, men arrangøren røpar at godt over 300 var innom dørene, utan at det baud på problem av noko slag. Festen var utvida til klokka 02.00, men klokk vart halv fire før arrangøren kunne stengje dørene&

- Godt betalt

Det deltok 10 utkledde par og åtte enkeltbukkar. Dei tre beste i kvar klasse fekk til saman 6.750 kroner i premie. - Kjempeartig og godt betalt, sjølv om det var frykeleg varmt, fortel ein sveitt og andpusten Gerd Mona Risheim. Ho og Ingrid Torekveen vann 1800 kroner. Elin Kirkestuen og Bjørn Andrè Sæter fekk andrepremie og gledespikene Anny Blikken, Gro Nørjordet Moen og Elise Flaten tredjepremie. Reinsjeger Simen Stokke, Garmo, var beste enkeltbukk. Sambygding Merete Byrøygard tok andrepremie og Mona Øvrebø tredje premie.

Artikkeltags