Gå til sidens hovedinnhold

- Dette går for fort

Artikkelen er over 8 år gammel

Seks representantar for ei foreldregruppe troppa måndag ettermiddag opp på ordførarens kontor for å gje til kjenne motstand mot innføring av fem dagars skuleveke.

– Dette går altfor fort. Vi vil ha utsett behandlinga, for dette er ikkje godt nok planlagt korkje på den eine eller andre måten. For eksempel korleis dagane skal fyllast, eller korleis bussane skal gå. Og kva med det økonomiske, fem dagars skuleveke vil koste langt meir, utbryt Ruth og Anne Helene Haugen, Linda Ryen, Heidi Strømstad, Eva Haldis Tessenset og Eva Vistekleiven i kor.

Slett ikkje eintydig

Dei er nett utkomne frå møte med ordførar Iselin Jonassen og sektorsjef Jan Egil Fossmo.

– Eit greitt og godt møte, vi fekk fram meiningane våre, legg dei til.Førre vekes hovudutvalsmøte har fått foreldregruppa til å reagere enda meir enn før.

Dei føler seg overkjørt og peikar på at det slett ikkje er eintydig haldning blant pedagogane.

«Vi veit at det er fleire pedagogar, pedagogisk personale i barnehagane og pedagogar blant foreldra som er sterkt i mot fem dagars skuleveke, og det har ikkje lykkast oss å finne noko pedagogisk belegg som syner at elevane oppnår betre leseferdigheit med 5 dagar», står det blant anna i brevet som vart overlevert ordførar og sektorjef.

Dei opplever utspel på utvalsmøtet som om rektorar ikkje har tillit til foreldra.

Tillit til foreldra?

«Skuleleiinga må ha tillit til at oss foreldra er kompetente og veit kva som er best for våre ungar. Kva dei treng av sømn, kvile og aktivitet».

Det blir også peikt på at læring ikkje skjer berre på skulen og at læring er så mangt. For enkelte elevar er dessverre ikkje skulen den beste lærestaden, og læringsdrypp får ungane kvar dag sjølv om dei har onsdagen fri.

Ein fridag bør verdsetjast som eit supplement til skulen, i staden for å sjå det som tapt læringsutbyte, skriv foreldregruppa.

Låg svarprosent

Det blir vist til at heile 95 prosent av foreldra ønskte fire dagars skuleveke ved ei spørjeundersøking i 2010. Ei undersøking i år fekk berre 26 prosents oppslutning, men 102 av 105 heimar ønskte fortsatt fire dagars veke.

Dette bør vera ein god peikepinn, meiner foreldregruppa, og stiller spørsmål ved gjennomføringa av spørjeundersøkinga.

Vågå kommune førebur overgang til fem dagars skuleveke for alle elevar, og det er lagt opp til vedtak i neste hovudutvalsmøte.Rektorar og utdanningsforbund er for, men foreldre strittar i mot.

Kommentarer til denne saken