Asylsøkere demonstrerte mot boforhold på Rondane Høgfjellshotell

Flyktninger demonstrerer mot boforhold på Rondane høgfjellshotell

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

41 flyktningar frå akuttmottaket Rondane høgfjellshotell demonstrerte mot isolasjon og dårlege forhold fredag. Mottaksleiar avviser påstandane.

– Vi er glade for at vi kom til Norge, men det var ikkje dette vi forventa. Vi er plassert langt unna folk, vi har ingen pengar, ingen transport for å kome ned til Otta, og vi blir ikkje behandla med respekt. Kvar dag spiser vi den same maten. Vi vil flytte så fort vi kan til eit anna område, seier Nour Alsahnawe.

Vart stoppa av politiet

Alsahnawe er talsperson for dei 233 flyktningane frå Rondane Høgfjellshotell. Fredag formiddag gjekk 41 personar ned frå akuttmottaket mot Otta. Den distansen er på 14 kilometer. Dei kom aldri så langt. Midt i bakken vart dei stoppa av politiet som frakta flyktningane tilbake til mottaket.

- Til saman var det fem enheter frå politiet som rykka ut frå heile norddalen. Vi fekk fyrst melding om 10 - 15 stykker, men til saman var det 41 flyktningar. Da vi kom dit fekk vi høyre om misnøye med forholda og mangel på kommunikasjon. Så køyrde vi dei tilbake. Det var ikkje noko amper stemning. Dette er fyrste gongen vi er i kontakt med dei. Vi er litt spente på korleis det går framover. Det kjem så mange flyktningar at UDI ikkje klarar å gjennomføre det dei har lovd, seier Jo Øien frå Sel lennsmannskontor. 

Han var ein av fleire frå politiet som var på plass for å stoppe demonstrasjonen og frakte dei tilbake til mottaket.

Sjå bildeserie frå demonstrasjonen:

Vore ein månad på mottaket

Flyktningane er fortvila over situasjonen på mottaket.

– Vi er over 200 personar på mottaket. Det inkluderer mange kvinner og barn. Dersom ungane blir sjuke kan det ta opp til fire timar før vi blir frakta til sjukehuset. Vi har prata fleire gongar med leiinga utan å bli høyrd. Vi har og prata med UDI og politiet, men ingen har kome og sett til oss i løpet av den månaden vi har vore her, seier Alsahnawe.

Avviser kritikken

Ole Petter Cristensen

Ole Petter Cristensen Foto:

Leiar ved Rondane høgfjellshotell, Ole Petter Christensen, avviser kritikken som kjem.

– Vi serverer tre måltid om dagen. Frukost, lunsj og middag. Vi prøver å ta så godt vare på dei som vi kan. Dette er ein gjeng som er frustrerte, som vil ha noko anna å gjere enn å sitte på eit mottak. Dei blir trøytte av å sjå på dei same veggene. Da dei kom var beskjeden om at dei skulle vere her ei veke, men nå må dei belage seg på å vere minst i to månader. Buforholda her er betre enn på mange andre akuttmottak. Eg ser ikkje på dette som ein demonstrasjon, men ei samling med personar som var litt frustrerte. Når det er sagt skal kosthaldet bli meir variert, eg skal har vore i dialog med UDI om korleis vi kan distribuere pengane og eg skal sjå på utfordringa med transport. Vi har forlenga avtalen med UDI til februar, seier Christensen til GD.

Les også: Hotell vil ta imot 250 flyktninger

Interaktivt kart: Her ligger akuttmottakene i Gudbrandsdalen
Siste om flyktningesituasjonen

Artikkeltags