Fullsortiments Gudbrandsdalsmat

LOKALT: Marianne Skogstad og Johanne G. Kristiansen syner fram utvalet til Ola Bergum, Inger Berget og Siri Bjørkheim.

LOKALT: Marianne Skogstad og Johanne G. Kristiansen syner fram utvalet til Ola Bergum, Inger Berget og Siri Bjørkheim. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Den nye interiørbutikken «Fevril» på Otta kan som den einaste by på fullsortiments utval av Gudbrandsdalsmat.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

– Dette er første fullsortimentsbutikk med Gudbrandsdalsmat, og det synest vi er artig å få vera med på, for det er kvalitetsvare som vi trur vil fenge både lokale folk og turistar, seier Marianne Skogstad.

Lokaler i gamle ysteriet

Torsdag opna ho og Johanne Granly Kristiansen, båe busett på Lalm, ny interiørbutikk i det gamle ysteriet på Otta.

Det er berre eitt år sia dei to etablerte firmaet som ber butikkens namn «Fevril», der ideen var å bruke nymotens fototeknikk, fotoprint, på putetrekk og andre tekstilar. Nå har dei skaffa seg lokale for å kunne ometja eigne produkt, Gudbrandsdalsmat, sjokolade frå Rondane, interiør og leiker.

Lang kø

– Det var lang kø og fullt kjør frå starten, fortel Skogstad opprømt i vrimmelen av folk som stikk innom for å sjå og handle.

– Turistar etterspør mindre og spesielle nisjebutikkar og lokal mat. Det har dei her, så dette synest eg er kjempebra, seier Torfinn Stenersen, ein av mange som var innom med blomsterhelsing. Nærinssjefen i Sel kommune er imponert over initiativ og stå-på-vilje, og har tru på at ein slik butikk har livets rett.

Skogstad fortel at dei har delt opp i to aksjeselskap, for å ha betre oversikt og kontroll med verksemda. Fevril design tek hand om fotoprint og tekstilproduksjon, Fevril interiør butikkdrifta.Butikken er på 94 kvadratmeter, og det er lagt vekt på original utforming med gamle, oppattgjorde skåp og låvedører som blikkfang. Ein liten kaffekrok har det også vorte plass til.

Vil utvide

– Vi har tenkt å utvide fotoprint med sengesett, kopphandkle og anna. Etter det vi veit, er det ingen som kan trykke så store tekstilar som vi, og til hausten blir vi å finne på gave- og interiørmessa på Lillestrøm, fortel Skogstad.

Artikkeltags