Gå til sidens hovedinnhold

Går for triangel-alternativet

Artikkelen er over 8 år gammel

Statsråd Liv Signe Navarsete meiner ny tunnelløysing på Rv15 Skjåk-Stryn med arm til Geiranger er det beste og mest framtidsretta alternativet.

I sin innleiing på Grotlikonferansen understreka kommunal- og regionalministeren kor viktig eit vegsamband med heilårsveg til Geiranger vil vera for å styrke reselivet på begge sider av fjellet.

- Eg jobbar for alternativet med ny tunnelløysing over Strynefjellet som inkluderer ny veg til Geiranger. Da får ein den utviklinga ein etterspør.

I sitt innlegg snakka ho om kor viktig det er, og vil bli, å utvikle samarbeidet innan næringslivet, reiselivet inkludert, for å styrke det regionale samarbeidet.

- Derfor hastar det med å finne det langsiktige og gode alternatviet, seier Navarsete, som helst ser at minst muleg pengar blir brukt til oppgradering til fordel ein ny tunnelløysing.

Kommentarer til denne saken