På tur over Jetta mellom Dovre og Vågå kan du gå deg på ei tavle til minne om eit dødsfall for snart 155 år sia

Minnetavle over Kari Jakobsdotter Kirstihagen ved Jettjøynn på fjellet mellom Dovre og Vågå *** Local Caption *** FERDSELSÅRE: Minnetavla over Kari Jakobsdotter Kirstihagen ved Jettjøynn på fjellet mellom Dovre og Vågå

Minnetavle over Kari Jakobsdotter Kirstihagen ved Jettjøynn på fjellet mellom Dovre og Vågå *** Local Caption *** FERDSELSÅRE: Minnetavla over Kari Jakobsdotter Kirstihagen ved Jettjøynn på fjellet mellom Dovre og Vågå Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Kari Jakobsdotter Kirstihagen var fødd på øvre Hågåvolden i Dovre 3. desember 1793, og vart gift med Johannes Iversen Nedre Kristihagen på Lesja 29. desember 1821. Dei overtok nedre Kirstiåhågån og fekk tre barn. Attåt tente ho til livets opphald ved å rundt om på gardane og ta på seg spinning av garn.

Røys og tavle

På tur over fjellet frå Dovre til Vågå for å vitje dotter si ebba livet ut på nordsida av Jett-tjøynn 1. mai 1863, og ho vart gravlagt på kyrkjegarden i Vågå åtte dagar seinare, 8. mai 1863.

I ettertid vart det ein skikk å leggje ein stein på denne plassen når ein gjekk på tur til og frå Jett-sætra, eller på tur mellom Dovre og Vågå, som nok var meir vanleg før i tida enn nå.

 På denne tida av året, og snørikt som det er denne vinteren, er det lite å sjå til røysa, men ei tavle som er reist i seinare tid står der til minne om den tragiske hendinga for 155 år sia. Du finn den på råket over Jettfjellet...

Artikkeltags