Mygg er langt frå noko ukjent fenomen i fjellheimen, men myriadene som folk i vårt distrikt har opplevd i seinare tid er langt over normalt og mykje større enn den som vanlegvis surrar rundt og gjer deg halvrar.

Stikk heldigvis ikkje

Heldigvis stikk ikkje denne store, svarte som liknar meir på ei flugu enn ein myhank eller mehenkje, som det også blir sagt, og som er ein av 17 norske og 700 artar på verdsbasis av hårmygg. Bibionidae som er det vitskaplege namnet.

Gjeve saker for folk med stong og snøre når den kjem susande og lokkar fisken opp til overflata, men enkelte gonger kan det visst bli for mykje. Trass enorme mengder i Sjodalen har det vore ein dårleg stongfiskesesong på Gjendeosen og i Sjoa. Derimot har auren bite villig på oteren på Gjende. Lengst vest ved Gjendebu har den smaragdgrøne og elles så vakre innsjøen vore dekt av svarte insekt.

I Nord-Norge har hårmyggen vorte kalla krigsflue når den kjem krypande i enorme svermar som ein hær, i Finnmark kalla russeflue mynta på invasjon frå aust.

I følgje oppslagsverket Wikipedia er det 16 nålevande norske arter, varierande frå to til 15 millimeter lange, dei fleste undeer 10 millimeter.

 

Av det store slaget

Det er av det store slaget vi får oppleve denne sommaren. Og i så store mengder at mange synest det er ekkelt.

«Det var rett og slett ei plåge å gå på tur innover mot Griningsdalskampen, og det var faktisk likeeins så høgt opp som mot Bukkehåmårtjøynn», fortalde ein hytteeigar vi trefte her om dagen.

Liknande fortel folk som har vore ved Bessvatnet, Lemonsjøen og i Veodalen. Den store hårmyggen ser ut til å ha invadert heile fjellheimen. Og fisken har fåptt så mykje å godte seg med at den ikkje bryr seg om flugu med krok på...

Så lenge varar det vel ikkje. Snart blir det frostnetter og da er det over, og truleg mange år til neste gong det blir slik store mengder.