– Ingen opplagt offentleg eigar

Det store spørsmålet er kven skal vidareføre arven etter Kjell Holm på Sandbu søre nedre, Gammelgarden på Sandbu i Vågå.

Det store spørsmålet er kven skal vidareføre arven etter Kjell Holm på Sandbu søre nedre, Gammelgarden på Sandbu i Vågå. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Maihaugen og Stiftelsen Lillehammer museum vil verken kjøpe eller forvalte Sandbu, og det finst ingen opplagt offentleg instans til å overta, meiner adm. direktør Jostein Skurdal.

DEL

vågå: – Det er flott at folk engasjerer seg og vil bidra, men dei må besinne seg i forhold til signal dette vil gje til ulike interesser, seier adm. direktør Jostein Skurdal i Stiftelsen Lillehammer museum, sett opp mot at kommune og ei privat eigargruppe nå ber lotteri- og stiftelsestilsynet stoppe salet av Sandbu.

Stort etterslep på bygg

Skurdal understrekar rett nok at det kan vera fleire løysingar, og at ein ikkje må sjå svart-kvitt på dette, men viser til at det er private som har bygd opp og ivaretatt mellomaldergarden til det den har vorte.

– Eg ser ikkje at ein person som vil gje 20 millionar kroner for ein slik stad er noko stort problem, seier Skurdal, og vektlegg at det må til nødvendige ressursar, kompetanse og interesse for å drifte ein slik stad.

– Mange meiner at offentleg eigarskap er det beste, men det er dessverre ikkje alle ting i tida som tilseier dette.

Skurdal viser til at om lag fem tusen norske bygningar blir forvalta av museum og at langt frå alle får stellet som trengst. Eksempelvis er det 220 hus på Maihaugen, for 40 av dei er det etterslep på vedlikehaldet.

Spørsmålet er kven som er den beste eigaren for Sandbu dei neste 100 åra, slik det har vore i privat eige dei førre hundre åra.

– For oss er svaret ganske enkelt nei, seier Skurdal på spørsmål om Lillehammer museum vil kjøpe eller forvalte Sandbu.

– Maihaugen fortel på ein måte mykje av den same historia, på den andre sida vitnar Sandbu om oppbygging av ein feriestad for formuande slekter. Når det gjeld det meste av dei sju tusen gjenstandane på Sandbu, er dette meir eit uttrykk for privat samlarglede. Interessant, men ikkje formålstenleg for Maihaugen.

Vågå-ordføraren inviterer

Ei privat gruppe med Erik Lillebråten, Sverre Mørkhagen, Gunvor Røkholt og Ingeborg Løvenskiold ber Stiftelsestilsynet i Førde vurdere om Sandbu kan leggjast ut for sal på open marknad. Tysdag fylgde vågåordføraren opp med spørsmål om det kan vera brot på vedtektene.

Styreleiar Marianne Roald Ytterdal i Stiftelsen Kjell Holm reagerer på at ordføraren hevdar å ha prøvd å fått tak i henne gjentatte gonger, men dette gjentok ordføraren - og sende invitasjon til drøftingsmøte i Vågå måndag 13. juni.

Fire alternativ

Det vart tidlegare i vinter kjent at Stiftelsen Kjell Holm hadde sal av Sandbu som eitt av fire alternativ. Det andre var at stiftelsen sjølv skulle utvikle og drive sandbu i eigen regi i ein kombinasjon  av gardshotell og besøksstad på line med Aulestad og Bjerkebæk. Til dette krevst utbygging og arealkjøp til parkering, investeringar til mellom 75-1250 millionar kroner, pluss store, årlege driftsutgifer.

Tredje alternativ  var å skilje ut Sandbu som eigen stiftelse med ei medgift på 20 millionar kroner og fjerde alternativ var vidareføring av dagens ordning med enkelte tilstllingar i sommarhalvåret, som den tradisjonelle olsokgudstenesta i kapellet med ope hus og servering etterpå.

Sist laurdag vart praktgarden frå mellomalderen med 23 bygningar utlagt for sal med antyda pris på 21 millionar kroner.

Artikkeltags