Vart freda på pletten

Riksantikvar Jørn Holme (t.v) kuppa prisutdelinga og freda like godt Christian Sulheim etter at han vart tildelt Norsk kulturarvs ærespris av styreleiar Kirsti Kolle Grøndahl og direktør Erik Lillebråten heime på Uppigard Sulheim fredag ettermiddag.

Riksantikvar Jørn Holme (t.v) kuppa prisutdelinga og freda like godt Christian Sulheim etter at han vart tildelt Norsk kulturarvs ærespris av styreleiar Kirsti Kolle Grøndahl og direktør Erik Lillebråten heime på Uppigard Sulheim fredag ettermiddag. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Stort større ære kan ein vel ikkje bli til del, enn det Christian Sulheim (65) fekk oppleva heime på garden i Bøverdalen fredag ettermiddag.

DEL

- Ikkje ein dag for tidleg, fastslo styreleiar Kirsti Kolle Grøndahl da ho fredag ettermiddag tildelte grunnleggjar og banebrytar Christian Sulheim Norsk Kulturarvs ærespris for 2017.

Det høgste ein kan oppnå...

Men det stoppa ikkje der. Uppigard Sulheim vart freda så tidleg som i 1920, nå har Riksantikvar Jørn Holme også freda kårkallen....

– Ærefullt. Gjenstandsfreding er vel den høgste beskyttelsen ein kan få, spurte ein forundra og verna prisvinnar.

Tidlegare fykeskonservator i Møre og Romsdal, Jens Petter Ringstad, seier at han veit om berre ein som har vorte denne heideren til del frå før, Harald Grytten i Ålesund.

Uppigard Sulheim har vore i slekta frå minst 1315, er ein av Norges eldste slektsgardar, og brukaren frå 1980 fekk tidleg erfare kva det har på seg å halde mange gamle hus i hevd. Dette gjorde han til talsmann og banebrytar for eigarar av freda og verneverdige bygningar i 1983. Han leia foreininga fram til 1992 og var med på å setja det private eigarskapet til nasjonale verdiskattar på den nasjonale dagorden. Med si sterke utstråling, sin klokskap og sjarmerande bøverdalsdialekt nådde han fram til mange med bodskapen, sa Grøndhal i si takketale.

Vern gjennom bruk

I 1988 fekk han fylkeskommunen og kommunaldepartementet med på etablering av Senter for bygdekultur i Vågå i 1988 og etableringa av Norsk Kulturarv i 1993. Han fekk i gang geniale ordningar som kvalitetsmerket Olavsrosa og «Ta et tak», og har gjort slagordet «Vern gjennom bruk» akseptert såvel hos statsrådar som byråkratar. Sulheim sat som dagleg leiar av Norsk Kulturarv til 2001.

– Du er sandeleg ein høvding, og vi treng høvdingar med sterke stemmer. Takk for at du aldri har gjeve opp, slik at politikarar og byråkratar har fått ei lekse å lære, sa Riksantikvaren i si takketale.

Tidlegare prisvinnarar

Norsk Kulturarvs ærespris er tidlegare tildelt Nasjonale turistvegar i 2007, Harald Grytten i 2008, Engøyholmen kystkultursenter i Stavanger i 2009, Storfjorden venner i Møre og Romsdal i 2010, Astri Riddervold, Nordland i 2011, Jan Ole Andersen, Finnmark 2012, Oddgeir Bruaset 2013, Jon Bojer Godal 2014, Dronning Sonja 2015 og Jon Brænne 2016.

Artikkeltags