Frå gass til elektrisk

Miljøvennlegare: Arne Krøkje (t.v), Martin Rusten, Camilla Lund, Inge Gjerdet, Svein Gudbrand Lund, Ragnar Frøyse og sju andre tilsette i Glasitt satsar på miljøvennleg produksjon av skumglas.Arkivfoto: Einar Almehagen.

Miljøvennlegare: Arne Krøkje (t.v), Martin Rusten, Camilla Lund, Inge Gjerdet, Svein Gudbrand Lund, Ragnar Frøyse og sju andre tilsette i Glasitt satsar på miljøvennleg produksjon av skumglas.Arkivfoto: Einar Almehagen.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Suksessbedrifta Glasitt i Skjåk går over frå gassoppvarming til bruk av elektrisk lokalprodusert kraft.

DEL

SKJÅK: Glasitt har frå oppstart av fabrikk for skumglas i 2002 nytta gass som energikjelde for oppvarming av to smelteomnar, men ønskjer nå å gå over til elektrisk produsert kraft frå Skjåk energi. Dette skal gje betre ytevne reint energimessig, og føre til mest mogleg miljøvennleg produksjon. Veskten har vore formidabe, frå 3.000 til over 200.000 kubikkmeter glasopor i fjor.

Ny miljøteknologi

Ved å byggje om to omnsliner frå gass til eloppvarming, gjer Glasitt as ei framtidsretta investering i ny miljøteknologi, skriv dagleg leiar Svein Gudbrand Lund i søknad om ein million kroner i støtte frå næringsfondet til kommunen. Ombygginga er kostnadsrekna til 2,65 millionar kroner, eigenfinasieringa utgjer 1,65 millionar kroner.

Ombygginga har vore planlagt i tre år, eit pilotprosjekt som i følgje Lund vil gjera Glasitt til leiande i innovasjon og implementering av ny «grønn» produksjonsteknologi for denne bransjen.

Heilskapstanken er å framstå som eit eksempel for at det går an å bruke innsamla returglas frå hushaldningar i Norge som råstoff og at smelteomnane blir oppvarma og dreve av stuttreist vasskraft utan utslepp av skadeleg miljøgass.

Risiko i prosjektet

Lund skriv at prosjektet er innovativt og medfører økonomisk risiko med omsyn til prisutvikling. Dei to siste åra har det vore stadig synkande gasspris målt opp mot elektrisitet, og i dag er det om lag 20 prosent billegare å bruke gass. Men utrekningar Glasitt har gjort viser at dette vil jamne seg ut i løpet av to-tre år og at elektrisitet deretter vil gje gevinst. Uansett er dette vanskeleg å spå på lang sikt, og medfører difor ein risiko.

Ein annan risiko er om om omnane til Glasitt greier å produsere like mykje på elektrisiet som på gass. Simuleringsmodell viser at dette kan vera mogleg, men at det kanskje blir aktuelt å forlenge omnane med seks til åtte meter for at energikapaisteten skal kunne utnyttast maksimalt. Svar på dette veit ein ikkje før ombygginga er gjort, og før omnane på nytt er sett i drift, og her ligg det eit potensielt nyt tinvesteringsbehov som Glasitt sjølv må ta.

Glasitt forstår det slik at ombygginga vil vera positiv økonomisk for kommunen fordi den utløyser konsesjonskraft, og fordi auka strømmengd på nettet vil medfører redusert nettleige for alle abonnentar i Skjåk.

Det er Skjåk kommune som eig og driv Skjåk energi.

Les også: Ny storordre på glasopor

Chicago satser på Skjåk 

 

Artikkeltags