Gå til sidens hovedinnhold

Eidefoss-direktøren er usikker på om det blir kraftutbygging i nedre Otta

Artikkelen er over 4 år gammel

Eg vil nok seia at det er uvisst om det blir kraftutbygging i nedre Otta. Eidefoss må vurdere kor mykje selskapet kan tåle reint økonomisk, det er ikkje berre å kjøre på beint fram med dei låge kraftprisane som er nå, seier Eidefoss-direktør Hans Kolden på direkte spørsmål om korleis han vurderer situasjonen.

Olje- og energidepartementet oversendte 25. april konsesjonsdokument for stifting av utbyggarselskapet Nedre Otta DA.

15.000 husstandar

Her er det lagt til grunn ein reell ny kraftproduksjon på 250 GWh (gigawattimar) i Nedre Otta kraftverk på grensa mellom Sel og Vågå. Eksisterande inntaksdam i Eidefossen skal nyttast, men kraftproduksjonen i Eidefossen blir redusert frå 85 til 32 GWh, står det i konsesjonsdokumentet.

I følge Kolden baserer dette seg på konsesjonssøknaden fire år attende.

Vi håpar at det blir att noko meir restvassføring, slik at vi kan produsere 40 GWh i Eidefossen og at den nye kraftproduksjonen vil utgjera 265 GWh, i alt vel 300 GWh, seier Kolden. Dette vil dekkje behovet til 15.000 husstandar.

1,3 milliardar kroner

Eidefoss skal eventuelt byggje ut nedre Otta saman med Opplandskraft, og eig 50 prosent kvar i Nedre Otta DA. Utbygginga er kostnadsrekna til 1,3 millardar kroner. Det blir arbeidd for byggestart i oktober 2016, med ferdigstilling våren 2020, etter ein byggeperiode på tre og eit halvt år.

Vi får inn anbod i midten av mai, og kan da ta til å rekne på anleggsprisane. Om ein månads tid veit vi meir kva dette inneber.

Kolden legg til at dagens låge kraftmarknad er hovudutfordringa saman med utviklinga for elsertifikat, som i følge styresmaktene skal opphøyre i 2021.

Avgjerd 10. september

Eidefoss er eigd av fem kommunar: Dovre, Lesja, Lom, Sel og Vågå med lik andel på 20 prosent. Største aksjonørar i Opplandskraft er Oslo Lysverker AS , Lågen og Øvre Glomma Kraftproduksjon AS , Eidsiva Vannkraft AS og Oppland Energi AS.

Endeleg vedtak skal fattast i lag med Opplandskraft 10. september, opplyser Kolden, spent på korleis eigarane stiller seg til utbygging.

Nedre Otta kraftverk vil bli knytt opp mot hovudnettet i Vågåmo, og skal overførast i ei ny 132 kilovoltline til Tolstadåsen og knytast saman med likelydande kraftline frå Rosten til Vågåmo.

Eidefoss og Opplandskraft fekk ved kongeleg resolusjon 11. desember 2015 konsesjon for utbygging av nedre Otta.

Kraftmarknaden med stabilt låge prisar over lang tid gjer det usikkert om utbygginga let seg forsvare reint økonomisk.

Les også

Kraftig motstand