Valdresflye vinterstengt

Fylkesveg 51 over "Flye" er vinterstengt.

Fylkesveg 51 over "Flye" er vinterstengt. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Fylkesveg 51 over Valdresflye vart ikkje gjenopna etter stenginga torsdag og er nå vinterstengt fram til 1. april neste år i 2017.

DEL

Så vart det ingen juletrafikk mellom Nord-Gudbrandsdal og Valdres likevel.

Klokka 5.56 fredag morgon bestemte Statens vegvesen seg for å setja på plass bommane ved Gardli ovanfor Beitostølen og Maurvangen i Sjodalen.

Høgfjellsovergangen vart stengt på grunn uvær torsdag, og dette ser ut til å halde fram i høgfjellet inn i jula.

Gjenopna

Riksveg 15 over Strynefjellet var også stengt ei periode torsdag, seinare vart det kolonnekjøring og fredag er ferdselsåra mellom Ottadalen og Stryn open for fri ferdsel.

Likeins fylkesveg 27 over Venabygdsfjellet.

Sjå også: Kolonne over Strynefjellet

Uvær gir stengte fjelloverganger og kolonnekjøring

- Skal ikkje stenge Valdresflye 

Ny giv for heilårsveg over flye

 

Artikkeltags