Gå til sidens hovedinnhold

Kongens medalje til skjåkvær

Artikkelen er over 5 år gammel

Pål P. Haugen (78) frå Skjåk vart tysdag kveld tildelt Kongens fortenestmedalje.

Det skjedde på ein høgtideleg seremoni for 35 inviterte i skyttarhuset i Nordberg, i eit samarbeid mellom Lom og Skjåk skyttarlag, Skjåk almenning og Skjåk kommune, attpåtil på heiderskarens eigen 78-årsdag.

- Det er flott at eldsjeler og lokale heidersmenn som deg blir foreslått til Kongens medalje. Dette har du fortent, du skal bera medaljen med stolteit, og du vil sjølvsagt bli invitert til kongen på Slottet, sa assisterande fylkesmann Eli Blakstad da  ho delte ut medalje og diplom.

Pål P. Haugen har eit langt yrkesliv bak seg som dugande snikker, men har ikkje minst sett varige spor etter seg som dugnadsleiar for skyttarlaget gjennom 40 år. Han har også vore politisk aktiv, sat mellom anna i bygningsrådet i 10 år, og kan sjå attende på samfunnsgagnleg gjerning i nær 60 år.

- Skikkeleg fortent, fastslo ordførar Elias Sperstad, stolt over å ha ein "kongeleg hoffsnikker" i bygda.

Åtte opplendinger i fjor

Åtte personer fra Opplan fekk tildelt Kongens fortjenstmedalje i 2015.

Kirsti Krekling, Lillehammer, 21. januar

Ole Klokkersveen, Dokka, 25. februar

Elisabeth Sparstad, Vang 13. april

Finn Magnus Wifladt, Dokka, 27. april

Martha Katrine Strande, Brandbu, 5. mai

Thorleif Forseth, Østre Gausdal, mai 2015

Jan Reidar REidem, Gran, 13. juni

Ola Utgaard, Lesja 1. august

Ein person ble utnevnt til Ridder 1. klasse, St. Olavs Orden - Daglig leder Dag Hareide, Lillehammer.

Les også

Ridderen ertes av barnebarna