Sjekk kva kommunen fekk i gåve

Iselin Vistekleiven og Stein Holen i Vågå kommune med kunstgåva. (Pressefoto)

Iselin Vistekleiven og Stein Holen i Vågå kommune med kunstgåva. (Pressefoto) Foto:

– Vågå kommune har teke imot ei storslått gåve frå ein privat gjevar

DEL

Dette fortel kommunen i ei pressemelding

Sommaren 1894 møttest ti norske kunstnarar i Vågå, leia av vår kjente kunstmålar Kristen Holbø frå Vågå. Vågåsommaren vart etter dette eit omgrep i norsk kunsthistorie.

Gåva består av i alt to måleri av Kristen Holbø åra 1894 og 1895, og ei kolteikning teikna av Halfdan Egedius som vart gjeve i gåve til Mari Holbø.

– Dette er ei gåve som vil styrke innhaldet i det nye galleriet. Og vil bli tilgjengeleg gjort for folket, fortel kommunen i ei pressemelding. Etter det GD forstår har gjevaren eit ønskje om å vera anonym.

Vågåsommaren

Vågåsommaren var eit norsk kortvarig kunstnarkollektiv i Vågå sommaren 1894.

Denne sommaren reiste ti unge, norske kunstnarar, både kvinner og menn, til Vågå for å teikne og male. Reisen og opphaldet vart planlagt på kort tid av kunstnarane Halfdan Egedius og Kristen Holbø. Kunstnarane tok inn på Holbøs heimgard Sygard Holbø.

Dei ti kunstnarane som deltok var Johanna Bugge, Halfdan Egedius, Thorvald Erichsen, Alfred Hauge, Kristen Holbø, Ragnhild Hvalstad, Lars Jorde, Alice Pihl, Kris Torne og Oluf Wold-Torne.

Artikkeltags